Eit av dei tre prosjekta som fekk prioriterte forskingsmidlar frå KLINBEFORSK var «ReCover»: ein omfattande nasjonal studie som skal undersøke effekten av ulike behandlings- og rehabiliteringsformer mot seinfølger av COVID-19 ("lang COVID").
Les også: KLINBEFORSK tildeler 60 millioner kroner til prioriterte forskningsområder.
Prosjektet fekk tildelt heile 20 millionar kroner i forskingsmidlar, og vil føregå i samarbeid mellom fire regionale samarbeidspartnarar i Noreg. Kvar av dei har hovudsete i Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø.
Har skapt eit viktig nasjonalt og ressurssterkt samarbeid
Regionsgruppa i Trondheim er leia av forskingsgruppeleiar og initiativtakar for prosjektet Axel Sandvig ved NTNU, og inkluderer Vibeke Devold Valderhaug, som er forskingsrådgjevar og forskar i Helse Møre og Romsdal.
Denne gruppa skal sjå spesielt på korleis kognitive "lang COVID"-symptom utviklar seg. I tillegg skal dei undersøke korleis disse symptoma kjem til uttrykk gjennom fysiske endringar i hjernen.
Valderhaug seier det er stort å vere ein del av eit så omfattande prosjekt og ressurssterkt nasjonalt samarbeid.
- Tildelinga har skapt eit samarbeid som er viktig å få etablert nasjonalt, og som man kan spele på i framtida. Det er stort å få delta på eit prosjekt med ei sånn tyngde som krevjast for å få ein slik tildeling.
Forskingsrådgjevar og forskar Vibeke Devold Valderhaug frå Helse Møre og Romsdal deltar i ReCover-prosjektet (Foto: Petter Bjørklund)
Viktig å kartlegge betydinga av ulike behandlingsformer
COVID-19 kan føre til ein rekke langvarige komplikasjonar etter oppstått sjukdom, deriblant kognitive "lang COVID"-symptom. Slike seinfølger kan mellom anna føre til problem med hukommelse eller konsentrasjonsevne, både etter alvorleg og mild sjukdom.
Valderhaug fortel at det er lite kunnskap rundt korleis ulike behandlings- og rehabliteringsformer påverkar utvikling av "lang COVID", og er noko ReCover-prosjektet har som føremål å utforske ytterlegare.
- Disse symptoma kan føre til ei vesentleg sjukdomsbyrde for heile samfunnet. Det er viktig å kartlegge kva betyding disse intervensjonane kan ha for slike symptom.
Les også: Kva slags erfaringar har sjukepleiarar med avviksrapportering på intensivavdeling?
Her skal forskarane mellom anna undersøke korleis behandling av akutt COVID-sjukdom med legemiddelet Paxlovid kan motverke og redusere "lang COVID"-symptom. ReCover markerar første gong kor forskarar skal sjå på kva innverknad dette legemiddelet har på utviklinga av slike symptom.
Vidare skal dei sjå på i kva grad eit rehabiliteringsprogram med heimebaserte øvingar kan lette oppståtte symptom på "lang COVID".
Kan ha stor betyding for samfunnet
Professor Nina Langeland ved "Bergen COVID-19 Research Group" er prosjektkoordinator for ReCover-prosjektet, og har lang erfaring med forsking på sjukdomsutbrot.

Professor og prosjektkoordinator Nina Langeland (Foto: Helse Bergen)
Dersom det viser seg at disse behandlings- og rehabiliteringsformene kan hindre eller redusere symptom på "lang COVID", vil ReCover-prosjektet kunne ha mykje å seie for korleis dei kan bli behandla i framtida.
- Viss det kan beskytte mot mellom anna lunge- og hukommelsesproblem vil dette ha stor betyding for samfunnet, seier Langeland._________________________________________________________________________________
Helse Bergen HF er forskingsansvarleg institusjon for ReCover-prosjektet. Prosjektet er eit nasjonalt samarbeid mellom fire ulike samarbeidspartnarar med hovudsete i Trondheim, Bergen, Oslo, og Tromsø.
Bergen-gruppa er leia av prosjektkoordinator Nina Langeland, og skal undersøke kva effekt Paxlovid ved akutt COVID-sjukdom har på utvikling av "lang COVID"-symptom.
Oslo-gruppa skal sjå på i kva grad markørar for immunitet og betennelse kan føreseie utvikling av "lang COVID"-symptom, og er leia av professorar Peter Szodoray og Pål Aukrust.
Overlege Maja Wilhelmsen leiar Tromsø-gruppa som skal undersøke effekten av eit øvingsbasert rehabiliteringsprogram på oppståtte "lang COVID"-symptom.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram!