Forsking, radiologi
Opna nyutstyrt intervensjonslaboratorium på Radiologisk avdeling
- Det nye utstyret gir oss moglegheit til å betre kvaliteten på jobben vår, i tillegg til at vi kan gjennomføre prosedyrar som vi ikkje kunne gjere før, seier forskar og radiolog Solveig Roth Hoff.
Radiologisk avdeling ved Ålesund sjukehus markerte opninga av sitt nye intervensjonslaboratorium. Det nyutstyrte og oppdaterte laboratoriet er det største på avdelinga når det gjeld areal.
Laboratoriet skal mellom anna brukast til å ta bilete av blodårar, behandle utposingar i hovedpulsåra (aorta-aneurismar), opne tette arteriar, og stoppe blødingar ved hjelp av kateterbasert teknikk.
Les også: Slik var markeringa til Helse Møre og Romsdals første forskingsgruppeleiarar
Stor betyding for pasientane
- Det er veldig tilfredsstillande. Med dette laboratoriet har vi like store moglegheiter som for eksempel legane på St. Olavs hospital når det kjem til utstyrskvalitet, seier Lode.
Meir presise bilete av blodårar og lågare stråledose
GODT UTRUSTA LAB: Av utstyr på laboratoriet finn man den nyinstallerte "C-bogen" (t.h.): eit røntgenapparat med røntgenrør i den eine enden og ein detektor på den andre. Biletet framstillast i høg oppløysing på skjermen til venstre. (Foto: Petter Bjørklund)
I tillegg til betre biletkvalitet seier Dimmen at laboratoriet gir lågare doser av stråling.
Ho legg til at det er stor entusiasme og glede blant legane og radiografane i forbindelse med opninga av det nye intervensjonslaboratoriet.