Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Doktorgrad

Overdødelegheit og auka kreftrisiko etter behandling for testikkelkreft

Testikkelkreft er den vanlegaste kreftsjukdommen blant yngre menn med omtrent 300 årlege tilfelle i Noreg. Onkolog Øivind Kvammen disputerte 1.april 2022 på emnet dødelegheit og kreftrisiko etter vellykka behandling.

Publisert 24.03.2022
Sist oppdatert 26.04.2022


Øivind Kvammen og klinikksjef Jorun Bøyum

Doktorand Øivind Kvammen og klinikksjef Jorun Bøyum. 

Samandrag av avhandlinga:
Testikkelkreft er den vanlegaste kreftsjukdommen blant yngre menn med omtrent 300 årlege tilfelle i Noreg. I dag blir nesten alle kurerte med kirurgi eller moderne cellegiftbehandling, medan strålebehandling nesten ikkje blir brukt lengre.

Dessverre ser ein òg auka førekomst og dødelegheit av alvorlege sjukdommar blant overleverar av testikkelkreft. Dette kan til dømes vera andre kreftformer eller hjarte- karsjukdommar. Hovudgrunnen er truleg seinverknader av tidlegare cellegift- og strålebehandling. I mange tilfelle tar det fleire tiår frå testikkelkreften vart kurert til desse sjukdommane oppstår. Derfor er ein bekymra for overlevinga blant pasientar behandla for testikkelkreft òg på lang sikt, samanlikna med normalbefolkninga (relativ overleving).

Før dette doktorgradsarbeidet var det ikkje forska på relativ overleving blant personar med testikkelkreft meir enn 20 år etter diagnosen. Det var òg ein mangel på detaljert forsking om korleis dei enkelte behandlingsformene ved testikkelkreft påverkar risikoen for å utvikla annan kreftsjukdom. Målet med doktorgradsarbeidet var å skaffa meir kunnskap på desse to områda.

Ved hjelp av registerdata undersøkte vi relativ overleving blant ca. 9000 menn som fekk diagnosen testikkelkreft i Noreg i tidsrommet 1953-2015. Samanlikna med normalbefolkninga var den relative overlevinga stadig fallande med aukande oppfølgingstid. Med andre ord så vi ein gradvis aukande overdødelegheit òg meir enn 20 år etter diagnosen. Medan hovudårsaka til redusert relativ overleving dei første fem åra etter påvist testikkelkreft var testikkelkreften i seg sjølv, vart hovudårsaka etter lengre oppfølgingstid andre kreftformer. Andre mage-tarmsjukdommar var òg ei betydeleg årsak, medan hjarte- karsjukdommar berre forårsaka ein mindre del av overdødelegheita.

Den relative overlevinga var heldigvis betydeleg betre blant dei som fekk diagnosen testikkelkreft etter 1980, noko som mellom anna skylder at cellegifta cisplatin kom på marknaden. Andre viktige grunnar er truleg at strålebehandling vart mindre vanleg, stadig betre medisinsk teknologi og eit aukande fokus på å unngå overbehandling. Dessverre fann vi ein auka førekomst av sjølvmord blant menn som fekk diagnosen testikkelkreft i 1990 eller seinare. Kanskje kan dette skyldast følgjetilstandar etter behandling.

Vi undersøkte òg førekomst av annan kreftsjukdom blant ca. 5600 ettårsoverlevere av testikkelkreft påvist i Noreg mellom 1980 og 2009. Det spesielle ved studien vår var at vi hadde detaljerte behandlingsdata frå sjukehusjournalar for kvar enkelt pasient. Vi fann at overlevera av testikkelkreft hadde auka risiko for annan kreftsjukdom etter visse former for cellegift og strålebehandling. Noko overraskande fann vi òg litt auka kreftrisiko blant dei som hadde vorte behandla med kirurgi åleine. Dette tyder på at også andre faktorar aukar kreftrisikoen, som til dømes arv.

Forskinga vår viser dermed at det er ein vedvarande overdødelegheit og auka kreftrisiko etter behandling for testikkelkreft samanlikna med normalbefolkninga. Det er viktig at pasientar og legar er klar over at denne risikoen eksisterer òg meir enn 20 år etter fullført behandling. Legar bør ved kontrollane ha fokus på å fanga opp teikn til både kroppsleg og psykisk sjukdom. Samtidig håper og trur vi at stadig meir moderne og tilpassa kreftbehandling gradvis reduserer risikoen for seinverknader ytterlegare i framtida.

​Om disputasen:
Øivind Kvammen, Institutt for klinisk og molekylær medisin, Fakultet for medisin og helsevitskap, NTNU disputerte på ph.d.-avhandlinga:

Relative Survival and Second Cancer Risk after
Diagnosis of Testicular Germ Cell Tumor

Prøveforelesning: (oppgitt emne) fredag 1. april 2022 kl. 10:15 (digitalt)

Tittel:  “Potential strategies to reduce the burden of toxicity inflicted by curative cancer treatments"

​Disputas: fredag 1. april 2022 kl. 12:15 (digitalt)

Meir info om disputasen på NTNU sine nettsider:
https://www.ntnu.no/kalender/detaljar/-/event/2f0ba979-a5d2-3eb4-8b6a-04bb3f88e35b

​​