Forskingsnyheiter
Positiv diagnosestrategi for funksjonell nevrologisk liding
Overlege i nevrologi ved Ålesund sjukehus og forskar Sverre Myren har vore aktiv med forskingsformidlinga si. Han har blant anna skrive ein kronikk i Tidsskrift for Den norske legeforening. Kronikken handlar om funksjonell nevrologisk liding og viktigheita av ein positiv diagnosestrategi.

Sverre Myren er spesialist i nevrologi og overlege ved Ålesund sjukehus, og forskar ved Institutt for nevromedisin og bevegelsesvitenskap ved NTNU. Myren har saman med barne- og ungdomspsykiatrier ved Oslo universitetssykehus, Helene Helgeland, skreve ein kronikk med tittelen «Legg vekt på positive tegn ved diagnostisering av funksjonell nevrologisk lidelse». Kronikken vart òg tema for podcasten til Tidsskrift for Den norske legeforening.
– Å sjå etter positive teikn handlar om å kjenne igjen typiske kliniske mønster, fortel Myren. – I kronikken grunngir vi kvifor det har store fordeler å legge meir vekt på positive teikn. Både for legen, pasienten og samfunnet.
Funksjonell nevrologisk liding er ein tilstand der nervesystemet fungerer annleis. Personar med denne lidinga har nevrologiske symptom som ikkje passar med andre kjente somatiske eller psykiatriske tilstandar.

I kronikken kan vi lese at tilstanden er eit resultat av eit komplekst samspel mellom hjerne, sinn, kropp og livssituasjon. Faktorar som kjønn, personlegdom, livserfaringar, genar og epigenetikk påverkar sårbarheita for og handteringa av belastning. Nyare forsking viser at funksjonell nevrologisk liding er knytt til endra funksjon i fleire hjernenettverk og subtile avvik i kroppen sin fysiologi.
Funksjonell nevrologisk liding er vanleg, og blant barn som blir tilvist til nevrolog, har éin av ti denne tilstanden. For vaksne er talet mellom fem og 15 prosent. Diagnosen blir stilt basert på ei grundig sjukehistorie og klinisk undersøking, der ein legg vekt på åtferd og symptom som peikar mot ei funksjonell tilstand, såkalla positive teikn.
Felles forståing for vidare utgreiing
– Ein inklusjonsstrategi inneber ein endra arbeidsmetode. Når legen får ein mistanke om funksjonell nevrologisk liding er det ein fordel at pasienten informerast om dette tidleg. Deretter blir det bestilt målretta supplerande undersøkingar på indikasjon. Då har pasienten og legen frå starten av ei felles forståing av planen for og formålet med den vidare utreiinga, forklarer Myren.

Foto: Colourbox
Ein positiv diagnosestrategi blir anbefalt framfor å fokusere på andre moglege sjukdommar før diagnosen blir stilt. Dette bidrar til raskare utgreiing og diagnostikk, noko som er viktig for god prognose, spesielt hos barn og unge.
– Ein vanleg diagnostisk utfordring er likevel at funksjonell nevrologisk liding kan førekome saman med andre nevrologiske sjukdomar. Men også her er inklusjonsstrategien nyttig; den gjer det mogleg å stille diagnosen også ved samsjukelegheit.
Vidare fortel Myren at ein del pasientar ikkje er så godt kjent med tilstanden frå før.
– Å sette namn på diagnosen og gi god informasjon reknast som første del av behandlinga. Den vidare behandlinga skreddarsyast.
Meir informasjon om funksjonell nevrologisk liding
Funksjonell nevrologisk liding
Funksjonelle symptom er vanlege i befolkninga, både hos barn og vaksne. Det er eit kontinuum frå normale fysiologiske reaksjonar til sjukdom. Dei fleste har milde, forbigåande symptom. Nokre opplever langvarige plager, som kan definerast som ein sjukdom og kan medføre funksjonstap av ulik grad.
Symptom kan omfatte:
- Svekkje eller lamming
- Unormale rørsler
- Svelgsymptom
- Språksymptom
- Anfall/krampar
- Endra hudkjensle
- Blanda symptom
Eksempel på positive teikn for funksjonell nevrologisk liding med høg validitet
Funksjonelle anfall
- Lukka auge, motstand mot augeopning
- Bilaterale krampar med bevart medvit
- Personar rundt kan lindre eller forverre anfallet
- Varierande anfallsintensitet
Funksjonell motorisk forstyrring
- Variabilitet, avleidbarheit
- Påverkeleg tremorfrekvens (entrainment): Tromming med peikefinger mot tommel påverkar frekvensen av tremor i den andre handa
- Hoovers teikn: Ved hoftefleksjon vil den kontralaterale underekstremiteten samtidig ekstenderast. Mangel på ekstensjon i den kontralaterale hofta ved testing av hoftefleksjon tyder på funksjonell parese.
Forankring i fagmiljøa
Auka merksemd og opplæring om positive teikn er avgjerande, meiner Myren.
– Oppdatert kunnskap om funksjonell nevrologisk liding må inn i grunnutdanninga, spesialistutdanninga og etterutdanninga av helsepersonell. Det må forankrast i fagmiljøa, og bør inn i faglege retningslinjer. Kunnskapen må også bli formidla til politikarar, pasientar og befolkninga for øvrig.
Myren formidla sjølv noko av forskinga si på eit seminar i regi av Allmennmedisinsk forskningsenhet i Trondheim i september. Han var og ein av initiativtakarane til dette seminaret.
– I innlegget mitt snakka eg om det siste innan forsking på hjernenettverk ved funksjonell nevrologisk liding. Ved ein vanleg klinisk utgreiing vil undersøkingane typisk vere heilt normale, og vi kan ikkje påvise endringar som forklarar symptoma. Men nyare forsking med avanserte metodar tyder på at funksjonell nevrologisk liding er knytt til endra funksjon av fleire hjernenettverk. Vi har på få år fått ei betydelig auka forståing av underliggande sjukdomsmekanismar. Fagfeltet er i ei rivande utvikling, og dette er svært spanande å få vere med på, smiler Myren.
Avslutningsvis vil han gjerne legge til at det nevrologiske miljøet i Helse Møre og Romsdal i mange år har hatt ein betydeleg klinisk og akademisk interesse for funksjonell nevrologisk liding.
– Overlege Guttorm Eldøen ved Molde sjukehus er ein av landets fremste ekspertar på funksjonell svimmelheit. Han har òg deltatt mykje i forsking på funksjonelle anfall (tidlegare kalla psykogene ikkje-epileptiske anfall). Den kanskje største epidemiologiske studien i verda på denne undergruppa av pasientar blei gjennomført nettopp her i fylket. Vi er svært takksame for støtta frå helseføretaket for å bygge vidare på dette arbeidet.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram!