Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Samarbeid mellom spesialist- og kommunehelsetenesta før, under og etter pandemien

Kva lærdom kan spesialist- og kommunehelsetenesta ta med seg frå samhandling om covid-19 krisa?

Publisert 12.11.2020
Sist oppdatert 04.08.2023

Tildelinga av regionale forskingsmidlar frå Samarbeidsorganet Helse Midt-Norge RHF for 2021 er klar. Eitt av prosjekta som har fått prosjektmidlar er samarbeidsprosjektet "Før, under og etter pandemien: «Hvilken lærdom kan spesialist- og kommunehelsetjenesten ta med seg fra samhandlingen om covid-19 krisen?»

– Godt støtta av ulike aktørar frå spesialist- og kommunehelsetenesta i Møre og Romsdal er  det gledeleg at både Helse Møre og Romsdal HF (HMR), Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde, NTNU og medlem frå Brukarutvalet i Møre og Romsdal på rekordtid greidde å sy saman ein søknad som nådde opp i den sterke konkurransen om prosjektmidlar i Helse Midt-Norge RHF, fortel tidlegare forskingssjef Berit K. Teige, som no skal leie prosjektet. Det har også vore stor interesse frå aktørar frå andre fylke som vil delta, som vil bli vurdert fortløpande, utifrå ressursar og kapasitet. Prosjektgruppa samarbeider mellom anna med forskarar frå Bergen om ein søknad til Forskingsrådet.

Helse Midt-Norge RHF har som mål å styrke det strategiske forskingssamarbeidet mellom helseføretaka, høgskular, universitet, brukarorganisasjonar, kommunesektoren mfl. i regionen.

Utgangspunktet for prosjektet er at Covid-19 har ført til endra samhandlingsmønster mellom spesialisthelsetenesta og kommunane i Møre og Romsdal (M&R).   - Prosjektgruppa skal kartlegge erfaringane med desse endringane og vurdere om nokon av endringane kan/bør vidareførast etter pandemien er over. Å sy saman ein brei forankra prosjektsøknad om samhandling og tiltak mot pandemien i Møre og Romsdal var ein unik og historisk sjanse som vi berre måtte gripe, fortel prosjektleiar Teige.


Tildeling for 2021.png

BAK FRÅ VENSTRE: Berit Kvalsvik Teige, prosjektleiar, Lena Waage, samhandlingssjef, HMR, Anne S A Larsen, ph.d.-student NTNU/rådgjevar HMR. Dag Arne Lihaug Hoff, MD, førstamanuensis NTNU, leiar Klinisk Forskingspost HMR, Roar Amdam, professor HiVolda, Erlend Vik, førsteamanuensis, HiMolde, Tonje Hunges, forskar Møreforsking, Asle Giske, brukarrepresentant

Forskargruppa, som har ei sterk og tverrfagleg styrings- og referansegruppe i ryggen, har no motteke prosjektmidlar for tre år som skal gå til å utvikle ei vidare plattform for samarbeid om forsking og kompetanseheving mellom sentrale aktørar i spesialist- og kommunehelsetenesta, i akademia, blant brukarorganisasjonar, fagforeiningar, politikarar, studentar og borgarar i regionen. Planane til forskargruppa er også å inkludere masterkandidatar så vel som doktorandar i prosjektet. Covid-19 prosjektet har i så måte ambisjonar om å nå målsettinga om å få tre doktorandar inn i forskargruppa innan 2021.