Forsking, forskingsinfrastruktur i Helse Møre og Romsdal
Slik var markeringa til Helse Møre og Romsdals første forskingsgruppeleiarar
Fagdirektør Erik Solligård beskriv forskingsmiljøa til gruppeleiarane som sterke, og har trua på at dei vil kunne styrke desse miljøa ytterlegare.
Den 28. mars vart det halde markering for dei nye forskingsgruppeleiarane i Helse Møre og Romsdal. Markeringa føregjekk i Festsalen på Molde sjukehus.
Overlege i ortopedi, Tommy Frøseth Aae og psykologspesialist og førsteamanuensis, Kristen Hagen er dei aller første som tiltrer i dei nye stillingane. Under markeringa presenterte dei forskingsgruppene sine til publikumet i salen.
Gruppa til Aae (OrtoForsk-KSU) skal forske på ulike aspekt ved artrose med ei multidisiplinær tilnærming, mens Hagen skal leie ei gruppe med fokus på klinikknær og translasjonell forsking knytt til angst, tvangslidingar og andre relaterte område.
Les også: Desse blir Helse Møre og Romsdals første forskingsgruppeleiarar.
FOLKSAMT: Markeringa til forskingsgruppeleiarane vart halde i Festsalen på Molde sjukehus. (Foto: Petter Bjørklund)
- Eit viktig steg for å auke forskingsaktivitet er å etablere og byggje vidare på dedikerte forskingsmiljø med ulike tilnærmingar og problemstillingar. Forskingsgruppene til Aae og Hagen vil vere ei betydeleg drivkraft i dette, fortel Solligård.
PRESENTERTE: Tommy Frøseth Aae og Kristen Hagen presenterte forskingsgruppene sine under markeringa. (Foto: Petter Bjørklund)
Ser fram til å sette i gang
Etter presentasjonane overrekte fagdirektøren blomster til Aae og Hagen, og tilsettingane vart feira med kaffi og kake.
Både Aae og Hagen fortel at dei ser fram til å sette i gang med arbeidet som forskingsgruppeleiarar i helseføretaket, og er spente på kva framtida vil bringe.
- Eg er stolt og glad over å ha fått denne æra. Det er ein heilt ny organisering i Helse Møre og Romsdal som gjer at man kan danne møteplassar for å kople på kompetanse frå ulike område, seier Hagen.
- Det blir veldig spanande, og eg kjenner eg gler meg til tida som kjem, legg til Aae.
GLER SEG: Tommy Frøseth Aae og Kristen Hagen ser fram til å sette i gang arbeidet som forskingsgruppeleiarar. (Foto: Petter Bjørklund)
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet i Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram!