Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Slik var opninga av Ålesund Biomechanics Lab sine nye lokale
Eit veldig godt utgangspunkt og eit solid fundament å jobbe vidare med, fortel seksjonssjef for Seksjon for kliniske studier Dag Arne Lihaug Hoff.
Petter Bjørklund
Publisert 17.01.2023
Sist oppdatert 10.05.2023
Fredag den 13. januar markerte Ålesund Biomechanics Lab (ÅBL) opninga av sine nye lokale i 6. etasje i høgblokka ved Ålesund sjukehus. ÅBL er Skandinavias første biomekaniske laboratorium, og vart etablert i samarbeid mellom ortopedar frå Ålesund sjukehus og ingeniørar frå NTNU.
Under opninga blei det heldt innhaldsrike føredrag og talar frå ulike deltakande aktørar, gitt omvising rundt dei nye lokala, og servert kaffi og kake for å feira og markera ein viktig milepæl for ÅBL og den biomekaniske infrastrukturen knytt til helseføretaket.
Representantar og deltakarar frå Helse Møre og Romsdal, NTNU, Ortopedisk avdeling, og Sparebanken Møre deltok i markeringa.
Instituttleiar for IKT og realfag ved NTNU Ålesund Rune Volden beskriv opninga som ein viktig markering, og seier det ligg stor entusiasme og engasjement bak dette arbeidet.
- Det er ein fantastisk dag. Denne gjengen her gjer ein stor forskjell for korleis man kan gjere ortopedi smartare i framtida.
Instituttleiar for IKT og realfag ved NTNU Ålesund Rune Volden overrekte blomster til doktogradsstipendiat Aleksander Skrede.
Mange års arbeid bak
Blant dei som halde føredrag var doktorgradsstipendiatane ved NTNU Aleksander Skrede og Øystein Bjelland. Skrede held på med ein doktorgrad innan robotikk, mens Bjelland arbeider med utvikling av ein ortopedisk simulator. Begge fortel at det er godt å sjå det endelege resultatet etter fleire års arbeid.
- Det er ganske mange år med mykje hardt arbeid som ligg bak dette her. Så dette her er utruleg kult rett og slett, fortel Skrede.
Aleksander Skrede (t.v.) og Øystein Bjelland (t.h.) synast det var kjekt å kunne visa deltakarane rundt dei nye ÅBL-lokala.
Dei gav også deltakarane ei omvising rundt dei nye lokala samtidig som dei fekk vist fram prosjekta sine. Bjelland fortel at det er kjekt å sjå at så mange interessentar og fagfolk deltok i markeringa, og at den har gitt dei moglegheit til å få rike innspel til prosjekta deira.
- Det er ikkje så ofte man får samla så mange folk for å diskutere det vi held på med. Man får mange tilbakemeldingar når vi får vist fram arbeidet vårt, så det har vore veldig kjekt.
Sponsa robot for biomekanisk testing
Av biomekanisk utstyr i dei nye ÅBL-lokala finn vi mellom anna «Frank»: ein robot som er spesialtilpassa for biomekanisk testing, og sponsa av Sparebanken Møre med ein million kroner.
Administrerande direktør i Sparebanken Møre Trond Lars Nydal seier markeringa har vore ei spennande opning, og synast det er fascinerande å sjå kva som har blitt utarbeida.
- Slik som vi forstår det er denne roboten veldig viktig for utviklinga av prosjektet vidare, så vi er veldig glad for å kunne vere med og bidra til å muliggjøre dette. Eg er stolt av at vi har så flinke og engasjerte folk i regionen vår som jobber med disse kompliserte sakene.
Aleksander Skrede med "Frank": ein spesialtilpassa robot for biomekanisk testing. "Frank" er sponsa av Sparebanken Møre.
- Eit solid fundament å jobbe vidare med
Under opninga rosa seksjonssjef for Seksjon for kliniske studiar og tidlegare forskingssjef Dag Arne Lihaug Hoff arbeidet som ligg bak dei nye lokala. Vidare fortel han at utsiktene er gode for vidare utvikling av ÅBLs infrastruktur.
- Slik som dei har greidd å etablere denne strukturen, og den entusiasmen dei har for det dei jobbar med, vil eg seie at vi har eit veldig godt utgangspunkt og eit solid fundament å jobbe vidare med.
Seksjonssjef for Seksjon for kliniske studiar Dag Arne Lihaug Hoff deltok på opninga og rosa det endelege resultatet.
Skrede og Bjelland delte tankar rundt framtida til og vidare utvikling av ÅBL.
- Det må vere å utvide det testrepertoaret man har. I den biomekaniske delen har det vore fokusert på skulder og ankel, og vi har lyst å få inn knær, olboge, handledd, og ryggrad. Målet blir å kunne skalere oss ytterlegare, seier Skrede.
Bjelland legg til at eit fremtidig mål vil vere å utvide og styrke prosjektmangfaldet til ÅBL, og inkludere fleire studenter til det biomekaniske fagmiljøet.
- Eit langsiktig mål framover er óg å få til ein robust prosjektportefølje og få inn studenter som er aktivt med i utviklinga, slik at det er meir enn bare oss som arbeider der.
Markeringa føregjekk i samarbeid med NTNU, Helse Møre og Romsdal, Ortopedisk avdeling, og Sparebanken Møre.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet i Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram!