Forsking, kreftbehandling
Solid oppstart for nasjonalt forskingssenter for klinisk kreftbehandling
Det er mykje kunnskap vi kan få ut av dette samarbeidet, seier onkolog Jo-Åsmund Lund, som representerer Helse Møre og Romsdal i den riksdekkande leiargruppa til det nasjonale kreftforskingssenteret MATRIX.
Året 2022 markerte oppstartinga av MATRIX: eit nasjonalt forskingssenter- og nettverk for klinisk kreftbehandling som inkluderer partnarar frå alle helseregionane i Noreg. Oslo Universitetssjukehus er vertsinstitusjon for senteret, og heile femten sjukehus på tvers av Noreg deltar som partnarar i dette kliniske nettverket som utgjer MATRIX.
I utgangen av 2021 vart det klart at MATRIX som eit nyoppretta Forskingssenter for klinisk behandling (FKB) får til saman 128 millionar i forskingsmidlar frå Kreftforeninga og Forskingsrådet.
Aktørar frå Oslo Universitetssjukehus (OUS) omtalar tildelinga som eit stort løft som mogleggjer vidareutvikling og testing av nye målretta behandlingsalternativ for kreftpasientar i Noreg.
Lund legg til at tildelinga har vore ei betydeleg drivkraft for å inkludere pasientar frå heile landet, og som vil styrkje forskingsinfrastrukturen ved kreftsenteret.
- Det er ein stor anerkjenning av dette forskingsnettverket og senteret. Det er den største forskingssatsinga eg har vore med på nokon gong.
Prosjektmangfald for kreftbehandling- og forsking
Forskinga i MATRIX er organisert i fem ulike arbeidspakkar som til saman skal utvikle ny persontilpassa diagnostikk og behandling for kreftpasientar, og som avspeglar det store prosjektmangfaldet ved kreftsenteret- og nettverket.
For å vise denne breidda nemner Lund to ulike nasjonale studiar: IMPRESS-Norway og PARASTOP. Kvar av studiane føregår mellom anna ved Ålesund sjukehus, og inkluderer pasientar frå Møre og Romsdal fylke.
Les også: Omfattande nasjonalt lang COVID-prosjekt fekk tildelt 20 millionar
IMPRESS-Norway skal sjå på effekten av målretta behandling for pasientar med kreftsjukdom som ikkje lengre har nytte av standard kreftbehandling.
Her tar forskarane utgangspunkt i molekylære forandringar i sjølve kreftsvulsten framfor kva stad i kroppen den er lokalisert i, og har som mål å kunne tilby målretta behandling til fleire kreftpasientar i Noreg.
- Dersom ein finn ei molekylær forandring i svulsten som vi har ein medisin som kan hjelpe på, så får pasienten denne, uavhengig av kva type kreft det er. Da får pasientane moglegheit til å prøve ut medisinar som dei elles ikkje ville fått prøvd ut, og vi kan finne ut kva pasientgrupper som kanskje kan dra nytte av denne behandlinga, fortel Lund.
Forskinga i MATRIX er organisert i fem ulike arbeidspakkar som til saman skal utvikle ny persontilpassa diagnostikk og behandling for kreftpasientar i Noreg (Foto: OUS, Per Marius Didriksen)
I PARASTOP undersøker forskarar den smertestillande effekten av paracetamol ved behandling av smerter hos kreftpasientar som samtidig bruker morfinpreparat.
Til tross for manglande vitenskapelig grunnlag seier WHO sine retningsliner at personar som får morfinpreparat skal ta paracetamol i tillegg. Dette er noko som studien skal undersøke ytterlegare.
- Det er ingen som veit om paracetamol eigentleg har ein effekt eller ikkje. Føremålet blir da å finne ut om det i det hele tatt er vits å gi paracetamol til kreftpasientar som får morfin.
Stor entusiasme knytt til oppstartinga
Senterleiar og overlege i onkologi Åslaug Helland leiar og koordinerer MATRIX-senteret, og seier det har vore stor entusiasme knytt til oppstartinga av dette nasjonale kreftforskingssenteret.
- Vi har fått inn fleire forslag til studiar som vi har kunna støtte. Det jobbast og med å utvikle ny diagnostikk som kan hjelpe oss med å behandle meir presist, og å tilby effektiv behandling basert på kjenneteikn hos pasienten og i kreftcellane.
Overlege Åslaug Helland ved Oslo Universitetssjukehus leiar og koordinerer MATRIX-senteret. (Foto: OUS, Per Marius Didriksen)
På sikt vil kreftbehandlinga- og forskinga knytt til MATRIX kunne dra god nytte av det etablerte riksdekkande samarbeidet.
- I Noreg er det mange gode miljø, og vi tenker at ved å jobbe saman kan vi både bygge kompetanse over heile landet og oppnå meir, seier Helland.
Matrix er eit nasjonalt forskingssenter for klinisk behandling (FKB) med ambisjon om å forlenge liva og bedre livskvaliteten til pasienter med kreftformer som vanskelig lar seg kurere.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram!