Forskingsnytt
Stor interesse for forsking frå HMR på internasjonal konferanse for kognitiv terapi
Helse Møre og Romdsal stilte med solid bidrag til European Association for Behavioural and Cognitive Therapies (EABCT) konferansen 2022. EABCT er ein av dei største internasjonale konferansane innan psykiatri, og i år deltok tre ph.d.-stipendiatar frå Molde DPS og BUP med presentasjonar av eigen forsking for internasjonale kolleger frå heile verda.
Skapte stor interesse
"Det var stor interesse og pågang kring alle presentasjonane, med mange interesserte forskarar og klinikarar frå ulike miljø i Europa. Dei ville høyre meir om forskinga som blei gjennomført og moglege samarbeid vidare. Vi har motteke fleire e-postar frå internasjonale kolleger i ettertid som ynskjer å opprette kontakt og samarbeide på framtidige prosjekt" forteller Thorstein Olsen Eide.
Kvitt deg med angst på fire dagar
Thorstein Olsen Eide er psykolog og ph.d.-stipendiat ved Molde DPS. Han presenterte forsking knytt til sitt ph.d.-prosjekt "The Bergen-4 day treatment for Panic Disorder: A Replication in a new setting". Eide er førsteforfattar for den presenterte artikkelen, som ser på behandling av pasientar med panikkliding i Helse Møre og Romsdal. Studia undersøkte effekta av 4-dagers behandling for panikkliding, og viste særs gode resultat samanlikna med anna publisert forsking på behandlingsmetoden.
Tilbakefall ved behandling av OCD/tvangsliding
Psykolog og ph.d.-stipendiat Kristian August Tjelle ved Molde DPS presenterte sin forskingsartikkel "Treatment adherence as a predictor of outcome in exposure treatment for obsessive-compulsive disorder". Forskinga er gjort på ein tilbakefallsstudie av pasientar med OCD/tvangsliding. Tilbakefallstudien, som også inkluderte pasientar frå HMR, er den største av sitt slag både nasjonalt og internasjonalt. I artikkelen tar Tjelle føre seg korleis ein kan sikre betre utfall i behandling av pasientar, noko som kan ha stor verdi for mange som har ei psykisk liding.
Håvard Berg Opstad er psykologspesialist og ph.d.-stipendiat ved BUP Molde. Håvard presenterte sin forskingsartikkel "Motivation, treatment expectancy and credibility as predictors of outcome in difficult to treat patients with OCD using consentrated exposure treatment". Denne forskinga er óg gjort på tilbakefallsstudia av pasientar med OCD/tvangsliding, og tar føre seg korleis pasientane sin motivasjon og forventing til behandlinga kan påverke kva for effekt pasientane får av behandlinga. Dette kan ha stor innverknad på korleis behandlinga av dei med psykiske lidingar burde byggast opp og gjennomførast.
Kirsten Hagen, førsteamanuensis ved NTNU og psykologspesialist ved Molde DPS, er hovudveiledar for alle dei tre stipendiatane.
Psykolog Gina Løge Flemmen deltok óg på konferansen som medforfattar på ein presentasjon frå Tilrettelagd tannhelsetilbod (TOO) prosjektet i Møre og Romsdal.