FORSKINGSNYHEITER
Støtte til prosjekt om robotassistert kneprotesekirurgi
Startskotet har gått for eit nytt forskingsprosjekt i Helse Møre og Romsdal der kirurgar skal ta i bruk ein robot ved kneproteseoperasjonar. Prosjektet skal samanlikne ulike justeringsteknikkar ved innsetting av implantat. Robotteknologi skal bidra til ei meir nøyaktig plassering av protesen, som igjen minskar restitusjonstida til pasienten.
Uttalt artrose, eller slitasjegikt, er den vanlegaste grunnen til proteseoperasjon, og kvart år blir nærare 8000 pasientar opererte. Behovet er aukande, men så mange som 20% er misfornøgde med resultatet av ulike årsakar. Og av dei som er nøgde kan ein stor del likevel ha oppnådd betre funksjonsnivå.
Dette fortel overlege i ortopedi ved sjukehuset i Kristiansund Frank-David Øhrn. Han leiar prosjektet «The personalKNEE Trial» som er eitt av fem prosjekt som nyleg fekk tildelt 2-årig prosjektstøtte frå Seksjon for forsking og innovasjon.
Skal samanlikne to typar operasjonar
I følgje Øhrn har kirurgar i mange år brukt såkalla mekanisk alignment eller justering som standardmetode for totalprotese i kneledd.
- Mange pasientar har anten ei kalvbeint eller hjulbeint stilling i knea når dei er ferdig utvokse. Alle ligament rundt ledda er då stilt inn på dette. Når pasienten utviklar artrose, og i nokon tilfelle skal opererast, vil vi ved mekanisk justering rette opp kneet heilt sett framanfrå. Dette er uavhengig om pasienten var kalvbeint eller hjulbeint før dei fekk artrose. Vi må då ofte losne leddbanda rundt kneet for å få det til å passe. I tillegg endrer vi då bevegelsesaksen til kneleddet, forklarer Øhrn.
Persontilpassa metodar
Dei siste åra har det kome andre og meir persontilpassa metodar. Desse respekterer den opphavelege stillinga til kneet på ein annan måte, og kirurgane må sjeldnare losne leddbanda for å få protesen til å passe. Problemet har vore at ein med konvensjonelle instrument ikkje har kunne attskape dette nøyaktig nok.
- Med robotkirurgi er dette mogleg på ein meir presis og nøyaktig måte. Forskingsprosjektet går difor ut på å samanlikne pasientar som blir fordelt i to ulike grupper; dei som får mekanisk og dei som får personleg tilpassa vinkel på protesen, seier Øhrn.
Begge pasientgruppene vil få robotassistert kirurgi.
Pasientane vil deretter testast og følgast opp over fleire år for å sjå om det er forskjell mellom dei to operasjonsmetodane. Legane vil teste den faktiske styrken i kneet og teste pasientane i trappegåing. I tillegg vil dei på gitte tidspunkt måle kor mykje skritt dei går per dag ei veke om gangen.
ROSA Knee System
Roboten som blir brukt heiter ROSA Knee System (Robotic Surgical Assistant). Forskjellen mellom dette systemet og andre som er i bruk er at dette er eit golvståande sagbasert robotsystem. Sjølve operasjonen blir utført av kirurgen, men roboten gir viktig vedtaksstøtte undervegs, som igjen bidreg til betydeleg høgare presisjon og nøyaktigheit når ortopeden gjer sjølve kutta som bestemmer plasseringa av protesen.
Øhrn seier at prosjektet vil truleg bidra til at robotassistert kirurgi blir meir utbredt her i landet.
Prosjektet er forankra i forskingsgruppa OrtoForsk-KSU som primært forskar på ulike aspekt ved artrose. Prosjektet er eit samarbeid NTNU, Universitetet i Oslo og Høgskulen i Molde.
Tildeling av frie forskingsmidlar
I tillegg til Øhrn var det fleire legar i ortopedimiljøet som fekk tildelt forskingsmidlar i år. Tommy Frøseth Aae skal vere leiar for ph.d-prosjektet «Kneprotese hos yngre vaksne, epidemologi, validering og estimering av symptomskala», for ein hittil ukjend kandidat. Denne stipendiatstillinga skal lysast ut eksternt om kort tid og prosjektet skal starte opp til sommaren. I tillegg fekk Kristian M. Lian innvilga støtte for sitt ph.d-prosjekt «The Ace-Avanteon Study».
Sjå oversikt over årets tildelingar her.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram!