Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsnyheiter

Studietur til Zimbabwe med kjevekirurgi som tema

Eit team frå Ålesund sjukehus reiste på studietur til Zimbabwe i byrjinga av november 2024. Helse Møre og Romsdal og University of Zimbabwe har inngått eit samarbeid kring kjevekirurgi. Reisa ga mange inntrykk på både godt og vondt, men eit nytt besøk er allereie under planlegging.

Ann-Kristin Haram Maridal
Publisert 19.02.2025
En gruppe mennesker som sitter i stoler
Sjukepleiar Redun Oddbjørg Lunde og oralkirurgar Lado Lako Loro og Paul Åsmund Vågen saman med kollegaer i Zimbabwe.

Det var oralkirurgane Lado Lako Loro og Paul Åsmund Vågen saman med seksjonsleiar og sjukepleiar Reidun Oddbjørg Lunde som reiste. Dei besøkte det medisinske fakultetet ved Universitetet i Zimbabwe, Parirenyatwa universitetssjukehus og Sally Mugabe barnesjukehus.

Donerte utstyr frå Ålesund sjukehus

Loro fortel at sjukdom i munn- og kjeveregionen er svært utbreidd i det afrikanske landet. – Dei to offentlege sjukehusa i Harare er overvelda av pasientar som er tilvist frå heile Zimbabwe. Fasilitetane og ressursane er forferdelege.

Men Loro legg til at det er likevel veldig imponerande og rørande å sjå korleis dei tilsette er i stand til å utføre arbeidet sitt trass situasjonen. – Vi har donert utstyr til dei frå Ålesund sjukehus. Dette har blitt svært godt mottatt, og vil definitivt kome til nytte.

En mann som står ved siden av en mann som holder utstyr
Overlevering av donert utstyr til prof. Chirenda ved det medisiniske fakultetet ved Universitetet i Zimbabwe.

Verdifull erfaringsutveksling

Under besøket fekk teamet observere både kjeveoperasjonar og leppe-ganespalteoperasjonar på universitetssjukehuset og barnesjukehuset. Dei vitja òg to private klinikkar, og heldt førelesing for kjevekirurgar, spesialistkandidatar og tannlegar i Harare.

En gruppe mennesker i kirurgiske klær og masker i et rom
Observasjon av fjerning av ein svulst frå overkjeven ved Parirenyatwa sjukehus.
En person som holder en presentasjon
Oralkirurg og ph.d.-kandidat Paul Åsmund Vågen heldt førelesing for kjevekirurgar og spesialistkandidatar ved Universitetet i Zimbabwe.

Ny tur i juni

Loro og Vågen skal tilbake til Afrika i juni, og denne gongen skal spesialtannlege Frank-Jakob Sandbakk vere med.

– Kollegaene våre i Zimbabwe har bedt om hjelp og opplæring i ortognatisk kirurgi, særleg ved tilfelle av leppe- og ganespalte. Planen er å operere på desse pasientane saman med dei lokale kirurgane, seier Loro. – Dette vil forsterke samarbeidet vårt.

Les også: Desse to skal lage kjevebein - med bruk av stamceller - Helse Møre og Romsdal

Til slutt vil Loro takke Seksjon for forsking og innovasjon for å ha gitt teamet ei moglegheit gjennom såkornmidlar til å reise på denne studieturen.

​Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram!