Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Doktorgrad

Sunne sjukehusprosjekt: Forbetring av sjukehusprosjekt sin tidlege fase

Anne S. A. Larsen har i sin ph.d. utforska sjukehusprosjekt sin tidlege fase og korleis denne fasen kan forbetrast. Disputasen fant sted på Gløshaugen, Trondheim 4. april 2022.

Publisert 26.04.2022
Sist oppdatert 27.04.2022
Doktorand Anne Strand Alfredsen Larsen

Doktorand Anne Strand Alfredsen Larsen

Samandrag av avhandlinga:

Investeringar og drift av helsetenester utgjer ein betydeleg del av det norske statsbudsjettet generelt, og av sjukehus og spesialisthelsetenester spesielt. Etterslepet på statleg eigde helsebygg i Noreg er stort, og fram mot 2024 skal ein investera nesten 58 milliardar kroner i sjukehus. Ofte vert investeringane organiserte som prosjekt, og desse prosjekta er i seg sjølve kostnadskrevjande. Dei har òg store ringverknader for samfunnsutviklinga på generell basis.

Sjukehusprosjekt er komplekse på fleire måtar; dei er både byggeprosjekt og organisasjonsendrings-prosjekt, dei involverer mange interessentar med ulike syn på kva prosjektet er og kvar ein skal enda opp, dei har lange tidslinjer, høge kostnader og organisatoriske utfordringar. I tillegg må prosjekta ta høgde for raske endringar i samfunnet og miljøet rundt seg, som følgje av medisinsk, teknologisk og demografisk utvikling.

Sidan sjukehusprosjekt og sjukehus har lang levetid (planlegg for fleire ti-år), og er kostnadskrevjande, er det viktig at prosjekta er vellukka på lang sikt. Strategisk prosjektsuksess fordrar relevante og berekraftige løysingar, og prosjektstrategien vert forma i prosjektet sin tidlege fase. Dette gjer denne fasen av prosjektet til ein særs viktig del av eit prosjekt. Strategisk vellukka sjukehusprosjekt er viktige både for samfunnet generelt og for pasientar, pårørande og tilsetja i sjukehusa spesielt, og blir til gjennom utforming av berekraftige og relevante løysingar som står seg over tid.

Store prosjekt har tidvis fått eit dårleg rykte på grunn av overskridingar både når det gjeld kostnader og tid. Mykje av forklaringa på dette skuldast nettopp ulike manglar i prosjektet sin tidlege fase. Trass i den viktige rolla for strategisk vellukka prosjektresultat, er ikkje den tidlege fasen godt nok forstått slik stoda er i dag. Sidan Noreg er i gang med fleire store investeringsprosjekt, har ein ei unik mogelegheit til å bygga kunnskap om planlegginga av prosjekta, som vidare tener som eit utgangspunkt for forbetring og læring i planleggingsprosessane.

Dette forskingsprosjektet har utforska sjukehusprosjekt sin tidlege fase for å få ei djupare forståing og bringa fram meir kunnskap om denne fasen. Auka innsikt og kunnskap styrkar sjansane for å kunna forbetre prosjekta og oppnå eit vellukka prosjektresultat, både på kort og lang sikt.

Forskingsprosjektet har søkt svar på tre sentrale forskingsspørsmål:

I. Kva for tydelege utfordringar finn ein i tidlegfaseplanlegging av norske sjukehusprosjekt?

II. Kva innsikt får vi gjennom å (empirisk) utforska desse tydelege utfordringane i norske sjukehusprosjekt sin tidlege fase?

III. Korleis kan vi forbetre norske sjukehusprosjekt sin tidlege fase?

Dei overordna funna frå forskingsprosjektet gir eit bidrag til å tetta forskingsgapet ein finn knytt til kunnskap om store, offentlege prosjekt sin tidlege fase. På eit meir detaljert nivå gir funna innsikt i tema som er viktige for utføringa av den tidlege fasen, og som også har etablerte forskingsgap. Kunnskap om relasjonar og interaksjonar mellom interessentar veit ein for lite om i den tidlege fasen, og dette er studert gjennom å granska korleis samarbeid fortonar seg i denne konteksten. Prosjektstyringsordningar kan støtte og forbetre prosjekta gjennom å finna eit passande nivå og innhald i desse, noko som ikkje er godt nok kjent for statleg eigde selskap. Vidare veit ein òg lite om korleis tidlege varslingssignal kan nyttast til forbetring i den tidlege fasen av eit prosjekt. Ved å få betre kjennskap til og kunnskap om desse ulike elementa i den tidlege prosjektfasen, dannar ein eit grunnlag for forbetring.


Om disputasen: 

Anne Strand Alfredsen Larsen, Fakultet for ingeniørvitenskap, NTNU, disputerte på ph.d.-avhandlinga:

Healthy hospital projects: Improving hospital projects' front-end phase

Prøveforelesning (oppgitt emne): 4. april 2022 kl. 10:00

Oppgitt emne: “Benefits realisation in public healthcare investments; who, how and when. Examples of how different projects have succeeded, or not, in finding and implementing solutions for tomorrow's health services"

Disputas: 4. april kl. 12:00

Både prøveforelesning og disputas fant sted i Disputasrommet, Gløshaugen, NTNU Trondheim, men kunne også følgast digitalt via Zoom.  

Professor Bjørn Andersen, Fakultet for ingeniørvitenskap, NTNU, har vore kandidaten sin hovudrettleiar. Dr. Jo-Åsmund Lund, Helse Møre og Romsdal HF, og fyrsteamanuensis Anniken Susanne T. Karlsen, Institutt for IKT og realfag, NTNU har vore kandidaten sine bi-rettleiarar.

Mer info om disputasen på NTNU sine sider:
https://www.ntnu.no/kalender/detaljer/-/event/9641109c-d03e-31ef-b96b-78e913096f61  ​


​​