Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Doktorgrad

Utvendig vannhode hos spedbarn

Sverre Morten Zahl, ØNH spesialist og overlege ved avdeling for kirurgi Ålesund, disputerte fredag 25. november for dr.philos. graden ved Universitetet i Bergen. Zahl har forska på ekstern hydrocefalus hos spedbarn.

Publisert 21.11.2022
Sist oppdatert 14.12.2022

​​

Utvendig vannhode hos spedbarn

portrett disputant Sverre Morten Zahl

Disputant Sverre Morten Zahl

Ekstern hydrocefalus («utvendig vannhode») rammar ifølgje denne studien 0,4 per tusen fødte barn, hovudsakleg gutar (over 80 %). Tilstanden kjenneteiknes ved ein raskt aukande storleik på hovudet og blir vanlegvis oppdaga rundt tre månadars alder ved at rutinemålingane på helsestasjonen avslører ei unormal stor auking av omkrins rundt hovudet. Ulike bildeundersøkingar (CT, MR og ultralyd) viser ein væskebrem på overflata av hjernen. 

Barn med denne tilstanden kan være motorisk forsinka, men sidan det som oftast er forbigåande har ekstern hydrocefalus tradisjonelt blitt rekna som godarta. Langtidsoppfølginga gjort i denne studien (ved 8-18 års alder) viser at dei fleste barn/ungdom klarar seg godt, uavhengig av om dei er kirurgisk behandla eller ikkje. Imidlertid skårar dei litt dårlegare på enkelte nevropsykologiske testar, og nokon av studiens funn tyder på auka skolevanskar.

Frå tidlegare er det kjent at spontane blødingar på hjerna si overflate (subduralt hematom) er meir vanleg hjå barn med ekstern hydrocefalus. Disse to tilstandane har og fleire iøynefallande likskapar. I avhandlinga har man difor studert denne samenhengen inngåande, da subduralt hematom hjå spedbarn ofte tolkast som påført hovudskade. I ein registerstudie som og inngår i avhandlinga fann man tekn på at barn med antatt påført hovudskade kan ha hatt ekstern hydrocefalus, samt moglegvis andre, ikkje-valdelege årsakar.

Om disputasen


Sverre Morten Zahl fikk antatt avhandlinga "Infantile external hydrocephalus: Epidemiological, radiological, clinical, cognitive, and social aspects" til forsvar for dr.philos. graden ved Universitetet i Bergen. Avhandlingen kan leses her. 

Doktorgradsprøven blei haldt i Armauer Hansens Hus, Haukarveien 28, Bergen, men kunne og følgjes digitalt.​

Prøveforelesning 1: 25.11.2022 kl. 09.15. Sjølvvald tema: "Cerebrospinalvæskens sirkulasjon - klassisk teori og nye oppdagelser"
Prøveforelesning 2: 25.11.2022 kl 10.15. Oppgitt tema: "Kronisk subduralt hematom: tradisjonelle teoriar og ny kunnskap".
Disputas: 25.11.2022 kl 12.15.