Forskingsprosjekt

Forsking er ein del av vårt arbeid, og kliniske behandlingsstudiar er ein av fleire ulike typar forsking i helseføretaka.

Initiativet til slike studiar kan kome frå ulikt hald, til dømes legemiddelfirma eller forskarar i helseføretaka. Uansett kven som er initiativtakar, er studiane avhengige god planlegging og flyt i gjennomføringa.

Pasientar som deltek i kliniske behandlingsstudiar, tek imot behandlinga som ein del av studien. Det er eit oppdrag at talet på slike studiar i helseføretaka skal auke, og at fleire pasientar skal få tilbod om å delta. Stortinget har stilt seg bak og legg til grunn at denne typen forsking bidreg til å sikre kvalitet, pasienttryggleik og pasienttilfredshet.*

Forskingsprosjekt i HMR
I HMR går det føre seg mykje ulik forsking, som fører til ny kunnskap om helse og medisin. Når ein planlegg sin studie med rett metode kan ein forske på kvalitet, helseteneste, helseregister, kliniske intervensjonar - og kliniske behandlingsstudiar. I HMR hadde vi i 2020 i overkant av 100 prosjekt gåande, og det vert jamt registert og meldt studiar til DAC. DAC sikrar personvern og gjer ei vurdering av prosjektet sin plan og gjennomføringsevne.

Kliniske behandlingsstudiar i 2020
På oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet vert det årleg utført ei rapportering av talet på nye pasientar inkludert i kliniske behandlingsstudiar. I rapporten kan ein sortere på region, føretak og til og med på prosjektleiar.

HMR tok del i 59 kliniske behandlingsstudiar som inkluderte om lag 250** pasientar i 2020.

Rapporteringa for 2020 er tilgjengeleg på nett og kan sjåast her

*Frå: Riksrevisjonens undersøkelse av kliniske behandlingsstudier i helseforetakene, s.5 
(https://www.riksrevisjonen.no/rapporter-mappe/no-2020-2021/undersokelse-av-kliniske-behandlingsstudier-i-helseforetakene/ )

**Et av rapporteringsvalgene for antall pasienter som er inkludert i 2020 er "<5" , det gjer rapportering litt unøyaktige

 

Sist oppdatert 11.05.2023