Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utlysing av interne midlar HMR

Såkornmidlar

For å stimulere til auka forskingsaktivitet og vitskapleg publisering i Helse Møre og Romsdal HF vert det lyst ut interne forskingsmidlar.

Utlysing såkornmidlar juni 2024

Seksjon for forsking og innovasjon lyser nå ut såkornmidlar i kategori 1-5.  Du kan søke om støtte på inntil 100 000 kroner. 

​Søknadsfrist kategori 1-5:
søndag 18 august. 2024 (kl. 2359)

Du kan søke med planlagt oppstart f.o.m. 1.oktober 2024, det er krav om prosjektoppstart i 2024 for tildelte midlar. 
Midlane i sin helhet bør helst brukast i 2024, men kan ved behov likevel nyttast i 12 månadar frå tildelingsdato. Bruk skal skje i tråd med budsjettet lagt ved søknaden. 

Satsingsområde:

Det vil vere ein styrke for søknaden om han fell inn under eit eller fleire av Helse Midt-Norges satsingsområde:

  • Klinisk forsking
  • Helsedata
  • Presisjonsmedisin
  • Teknologi i helsetenesta
  • Helsetenesteforsking
  • Psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling
  • Global helseforsking
  • Helseutdanningsforsking

Du kan søke på:

  • Kategori 1 - skrive artikkelutkast 
  • Kategori 2 - skrive protokoll til ph.d.- eller postdoktorsøknadar 
  • Kategori 3 - skrive søknadar til forskings- eller innovasjonsprosjekt 
  • Kategori 4 - dekke upårekna utgifter i oppstart av, eller undervegs i ph.d.-, postdoktor-, forskings- eller innovasjonsprosjekt 
  • Kategori 5 - dekke utgifter i samband med m.a. forskingskurs, forskingsseminar, oppstartsseminar, nettverksmøter, utenlandsopphald. * 

Kategoriane 6-8 kan søkast fortløpande: 

  • Kategori 6 - Utgifter i samband med publisering ("Open access", korrekturlesing, språkvask - inntil 30 000,-) NB; sjå særskilde krav til open access** 
  • Kategori 7 - Utgifter i samband med presentasjon av forsking på konferansar (inntil 30 000,-)* 
  • Kategori 8 - Frikjøp for å skrive kappe /sammenskriving til ph.d.-avhandling (inntil 2 månadar frikjøp)

*I samband med reise/ kurs o.l. kan du søke refusjon av utgifter til mat/kost, men vi refunderer kun basert på kvitteringar (2024-sats, ref: Statens reiseregulativ).  Du vil ikkje få refusjon for matutgifter uten å ha kvitteringar. Søknad om refusjon sendast etter at reisa er gjennomført.


VIKTIG - Krav til søknadar
NB: 
Søkar må sjå til at søknaden oppfyller alle krava for sin kategori - søknadar som er mangelfulle vil verte avvist. 

For alle kategoriar: 
  • Søkar må vere tilsett i minst 50% stilling i Helse Møre og Romsdal. 
  • Driftsmidlar: dersom du som søkjer allereie har driftsmidlar i prosjektet / stillinga di (ph.d., forskar m.fl) det vere tydeleg i budsjett korleis driftsmidlar er brukt/ planlagt brukt og kvifor du treng ekstra midlar ut over driftsmidlane. 
  • Alle artiklar som spring ut frå såkornmidlar skal krediterast føretaket etter gitte reglar (Sjå meir informasjon her: Publisering og formidling - Helse Møre og Romsdal (helse-mr.no) 
  • Rettleiar/mentor eller søkar bør ha forskarkompetanse (ph.d.-nivå) 
  • Alle obligatoriske vedlegg må samlast i ett pdf-dokument som lastas opp saman med søknaden 

Obligatoriske vedlegg kategori 1-5:

  • Prosjektsøknad  
  • Tidsline/ framdriftsplan
  • Budsjett / oversikt over kostnader  
  • Permisjonsstøtte frå seksjons- eller avdelingsleiar ved frikjøp av tid   

 Obligatoriske vedlegg kategori 6:

  • Kortfatta søknad  
  • Beskriv kvifor eksisterande open access avtalar ikkje er dekkande (sjå **)
  • Budsjett / oversikt over kostnader
  • Utkast av artikkel 

Obligatoriske vedlegg kategori 7:  

  • Kortfatta søknad (klargjer om presentasjonen inngår som en del av opplæringsplanen i et phd-løp - og om same prosjekt har mottatt såkornmidlar til presentasjon av forsking tidlegare) 
  • Budsjett / oversikt over kostnader  

Obligatoriske vedlegg kategori 8: 

  • Kortfatta søknad med tidsline 
  • Budsjett / oversikt over kostnader 
  • Permisjonsstøtte frå seksjons- eller avdelingsleiar (ein kopi av e-post er tilstrekkeleg)
**Særskild krav for søknadar om å dekke utgifter til open access 
Nasjonalt er det forhandla fram avtalar med ulike forlag som enten gir rabatt på publiseringsavgifta ved open access eller at avgifta fell heilt bort. Dersom du har ei tilknyting til ein utdanningsinstitusjon gjennom ​​t.d. phd-opptak eller kombinert stilling  du sjekke om du får redusert avgift gjennom deira eksisterande avtalar før du søker såkornmiddel. Du kan nytte deg av avtalane sjølv om du skal kreditere både utdanningsinstitusjonen og helseføretaket i publikasjonen.
(Oppdatering mai 2024: Helse Møre og Romsdal er no inkludert som sjølvstendig part i open access-avtalane i helse midt. Praktisk info om dette kjem.  
Sjekk open access-avtalane for din utdanningsinstitusjon her.
 
Søknadane vil bli vurdert av Innstillingsrådet HMR og ekstern evaluator. 

Spørsmål?
Kontakt Seksjon for forsking og innovasjon på  forsking@helse-mr.no
 

Søk her

Klikk her for å sende inn søknad om såkornmidlar
(Krev at du er på HelseMidt-nettverk) 

Leiar: Valderhaug, Vibeke, Phd/Kst. Forskingssjef, Fagavdelinga
 
Ask, Daniel,  Brukerrepresentant,  Brukerutvalet HMR
Berge, Guro, Utdanningssjef /Phd, Fagavdelinga /NTNU
Eriksen, Beate H., Seksj.overlege pediatri/ Førsteamanuensis II,  Klinikk Ålesund /NTNU
Fadnes, Solveig, Phd/Forskingsrådgjevar/Forskar, Fagavdelinga/NTNU 
Fuglset, Tone S., Phd/Forskingsrådgjevar, Fagavdelinga
Furberg, Anne Sofie, Professor UiT/Forskingsrådgjevar, Fagavdelinga
Grøvik, Endre, Phd, medisinsk fysikar,forskar, forskingsgruppeleiar HMR, Klinikk for diagnostikk, forskar NTNU
Hagen, Kristen, Psykologspesialist/Forskingsgruppeleiar, Førsteamanuensis, Klinikk psykisk helse og rus/NTNU
Hoff, Dag Arne L., Overlege gastroenterologi/ førsteamanuensis, Klinikk Ålesund, NTNU, Fagavdelinga
Hoff, Solveig Roth, Seksjonsoverlege radiologi/Førsteamanuensis, Klinikk for diagnostikk/NTNU
Kvangarsnes, Marit, Professor NTNU/ Forskingsrådgjevar, NTNU Ålesund / HMR
Lund, Jo-Åsmund, Overlege onkologi/Førsteamanuensis, Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering/NTNU Ålesund
Morsund, Åse Hagen, Phd, Overlege nevrologi, Klinikk SNR
Sandvik, Jorunn, Phd, Overlege gastroenterologi/Førsteamanuensis, Klinikk Ålesund /NTNU
Sevaldsen, Kirsti, Phd, Overlege ortopedi, Klinikk SNR, førsteamanuensis, NTNU
Skorpen, Anna Carina, Overlege revmatologi/postdoktor, Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering/NTNU 
Ytre-Hauge, Sigmund, Phd, Overlege radiologi, Klinikk for diagnostikk ​​
 
Sist oppdatert 28.06.2024