Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forsking og innovasjon

Forskingsstøtte

I HMR kan personellet både i Seksjon for forsking og innovasjon og Klinisk forskingspost/Biobank 1 hjelpe deg i gang med forskinga. Regionalt kan du kontakte Forskningsavdelingen ved St. Olavs, og nasjonalt er NorCrin og NorTrials gode ressursar.


Seksjon for forsking og innovasjon 

- gir råd og rettleiing mellom anna i samband med gjennomføring av prosjekt
- vurderar og godkjenn personvernet i forskings- og kvalitetsprosjekt gjennom DAC
- tildeler midlar gjennom utlysing av såkornmidlar og andre interne forskingsmiddel
- gir råd og rettleiing i statistikk, litteratursøk m.m.


Klinisk forskingspost og Biobank1

​​"Forskingsposten" opna i 2017 for å hjelpe fram klinisk forsking i sjukehusa. Forskingsposten har studiesjukepleiarar, bioingeniør, lege, kort veg til statistikar og studiemonitor Med eit godt utrusta laboratorium, eit nært samarbeid med avdeling for biokjemi, mikrobiologi og patologi i heile fylket og dagleg kontakt med avdeling for radiologi og sjukehusapoteket har Forskingsposten rask responstid.

Forskningsavdelingen ved St. Olavs hospital

Avdelinga sitt overordna mål er å bidra til at det blir gjennomført meir klinisk forsking til nytte for pasientar og helseteneste, og det er utarbeidd ein regional handlingsplan som legg rammene for forskingsstøtta framover. Her finn du informasjon om prosjektstøtte, forskingspolitikk, helsedatasenter og medisinsk utstyr.

Kjernefasilitetar og anna større forskingsinfrastruktur

Samman med Helse Midt-Norge har Fakultet for medisin og helsevitskap organisert avansert infrastruktur innan klinisk- og basalforsking, med tilknytta personell med spesialkompetanse, i kjernefasilitetar.

NorCRIN

NorCRIN er eit nasjonalt forskingsstøttenettverk kor formålet er å auke tal på og kvalitet på nasjonale og internasjonale kliniske studiar.

NorTrials

​NorTrials er eit partnarskap mellom de regionale helseføretaka og næringslivet. Hensikta er å bidra til auka samarbeid om industrifinansierte kliniske studiar.

Sist oppdatert 18.11.2024