Innsamling og lagring av data, rutiner for lydopptak
Innsamling av forskingsdata t.d. ved bruk av elektroniske skjema, løysingar for sikker lagring av data og rutiner for lydopptak.
Sikker innsamling og lagring av forskingsdata
HMR sitt forskingsområde
Prosjektleiar for forskingsprosjekt eller kvalitetssikringsprosjekt kan bestille eiga mappe på forskingsområdet til HMR (I:HMR-Forsking) for sikker lagring av forskingsdata og/eller kodelister. Oppretting av mappe hukar ein av for i punkt 2.9 i søknadsskjema til personverngruppa (DAC), kor ein òg skriv inn kven som skal ha tilgang til mappa.
Mappe vert ikkje oppretta før etter at DAC har godkjend prosjektet.
Kontakt Seksjon for forsking og innovasjon (forsking@helse-mr.no) for meir informasjon.
eFORSK:
eFORSK er ei frittståande IKT-løysing for elektronisk innsamling av data basert på skjema. eFORSK tilbyr sjølvbeteningsløysing for oppsett av skjematypar og innsamling av data. Løysinga tilbyr tett integrasjon med Helse Midt-Norges ePROM-løysing og gir høve til skjemabasert sikker digital kommunikasjon med pasientar via Helsenorge.no, digipost/e-boks og papirskjema i posten.
Les meir og sjå eksempel på løysinga her.
Viss du ønskjer å nytte eFORSK ta kontakt via eforsk@stolav.no eller forsking@helse-mr.no for meir info
TSD - Tjenester for Sensitive Data (UiO)
Nasjonalt godkjent lagringsløsning TSD ved UiO - Sjå nettside
Sjå også steg-for-steg rettleiing for oppsett av TSD-konto for eit forskingsprosjekt i HMR:
Rettleiing steg for steg - TSD.pdf
Andre lagringsmoglegheiter som godkjennast av DAC ved kvart enkelt høve
- NICE-1, ei intern lagringsløysing for studentar og tilsette ved NTNU
Liste med godkjente betalingsløysingar for lagring av forskingsdata
- Nettskjema (utvikla av UiO, men også brukt av NTNU, FHI, OsloMet og BI)
- Ledidi Core
- Viedoc
- REDCap
Rutiner for lydopptak
Lyd- og videoopptak inkluderer betydelege mengder personidentifiserbare data, så her må forskaren etablere forsvarlige rutinar for datasikkerheit. Slike data skal lagrast, handteras og destrueras i tråd med gjeldande lover og forskrifter.
Til dømes bør lyd- og tekstfiler krypterast ved lagring og overføring, og personnamn umiddelbart anonymiserast ved transkripsjon. For å førebygge spreiing av sensitive data, og hindre at verdifulle bidrag ikkje går tapt, skal lagringsmedia sikrast forsvarleg (oppbevarast i låst skap på eit låst kontor).
Henta frå NEM sine retningsliner
DAC HMR gir disse råda som standard til forskarar ved bruk av lydopptak:
- Det skal brukast eigna opptaksmedium – t.d. dedikert opptaksutstyr / diktafon eller godkjend elektronisk versjon som appen Nettskjema
- Opptak skal overførast til sikker lagringsplass straks etter opptak, og opptaket skal då slettes frå opptaksmediumet.
- Transkribering skal gjerast frå opptak som er lagra på sikker lagringsplass, og alt analysearbeid må også gjerast på denne serveren/ mappa.