Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forsking og innovasjon

Kurs, opplæring, ressursar

Det er mykje ein skal halde styr på sjølv i eit forskingsprosjekt. Difor har vi samla nokre nyttige kurs og opplæringsressursar til deg.

Diagram

Kanskje er du usikker på korleis ein protokoll skal skrives, eller korleis du best nyttar EndNote? Kan det hende du skulle hatt eit oppdatert kurs i Good Clinical Practice (GCP)?

I samarbeid med HMR og HNT tilbyr NTNU kurs i Helseforskning- frå idé til prosjektprotokoll/artikkel, som er ei videreutdanning med fokus på utforming av ein god forskingsprotokoll; https://www.ntnu.no/videre/gen/-/courses/nv20604

Forskingshandboka OUS / HUS er laga for å gi tips og rettleiing til sjukehuspersonell, helsefaglege og biomedisinske forskarar som har ein idé dei ønskjer å omsetje i eit forskingsprosjekt med høg kvalitet. 
Sjå 10. utgåve, Fra idé til publikasjon, Forskningshandboken 2024

Studieaktørar som er involvert i klinisk utprøving av legemiddel er lovpålagt å ha dokumenterte, oppdaterte kurs i Good Clinical Practice (GCP). Følg lenken for å sjå NorCrin sine kurs i GCP 1 og 2 som gir sertifisering.

Det er foretatt endringer på kursene, og de er på oppdatert i henhold til GCP versjon R3 som ble lansert 6. januar 2025. Myndighetene setter som krav at alle som skal starte nye legemiddelstudier har dokumentasjon på at de er oppdatert i henhold til den nye retningslinjen innen 23.07.2025. Alle som driver med klinisk utprøving må ta dette kurset. GCP-kurs i regi av NorCRIN partnere – www.norcrin.no

Kontakt statistikar Tor Åge Myklebust om du treng hjelp til utrekninger eller metodeval tor.age.myklebust@helse-mr.no

Fagbibliotekar held kurs i litteratursøk og EndNote, ta kontakt på e-mail bibliotek@helse-mr.no​​ ​Sjå også kva for andre tenester fagbiblioteket tilbyr her (krev intern pålogging). 

Søknadshjelpen - The Grants Office for MH and Helse Midt-Norge - Kunnskapsbasen - NTNU gir råd og støtte til forskarar som skal søke om ekstern finansiering.


​Er det noko du saknar? Ta kontakt med
forsking@helse-mr.no  

Sist oppdatert 17.03.2025