Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kvalitetssikring eller forsking?

Usikker på om du skal forske eller gjere ei kvalitetssikring? Les meir om forskjellen her.

​Kvalitetssikring og evaluering er ein del av helsetenesta. Helse- og omsorgs-departementets rettleier til helseforskingslova definerer kvalitetssikring som;
prosjekt, undersøkingar og evalueringar som har som formål å kontrollera at diagnostikk og behandling faktisk gir dei forventa resultata.

Generelt sett er forskjellen mellom forsking og kvalitetssikring som følgjer:

Forsking handlar om å få ny kunnskap, om å finna ut kva som er eller vil bli beste praksis – forskingsspørsmålet vil til dømes vera: "Kva er den mest effektive måten å behandla trykksår på?"

Kvalitetssikring handlar om å finna ut om beste praksis er følgt – spørsmålet vil til dømes vera: "Korleis behandlar vi trykksår, og korleis kan dette samanliknast med akseptert beste praksis?"

Forskjellen er ikkje absolutt, og behovet for ein forskingsetisk vurdering kan derfor ikkje definerast nøyaktig.

Ei foreslått tilnærming er å konsentrere seg om tre nøkkelspørsmål:

i. - Er formålet med det foreslåtte prosjektet å freista å betra kvaliteten på pasientbehandlinga i ein lokal setting?

ii. - Vil prosjektet innebera evaluering av praksis opp mot standardar?

iii. - Skal pasientane gjennomgå noko som elles ikkje er ein del av den normale rutinebehandlinga?

Viss svaret på dei to første spørsmåla er "ja" og svaret på det tredje er "nei", er prosjektet sannsynlegvis kvalitetssikring, elles er det sannsynlegvis forsking

Informasjon henta frå REK; Hjem - Insights (rekportalen.no)

Ein del kvalitetssikringsprosjekt skal uansett godkjennast av DAC HMR før oppstart – ta kontakt med forsking@helse-mr.no for å sjekke om det gjeld ditt prosjekt. 

Sist oppdatert 01.06.2022