Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Korleis kan vi auke antal og kvalitet på kliniske studiar i norske sjukehus?

Steinar Thoresen

Steinar Thoresen jobbar hos Merck, med ansvar for den medisinske satsinga innan onkologi i Norden og Nederland. Thoresen har i mange år vore ein forkjempar for å auke antal og kvalitet på kliniske studiar i Noreg. På forskingskonferansen vil han snakke om kva som skal til for å få til dette.

Steinar Thoresen

Steinar Thoresen kjem til Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge 2019. Konferansen finn stad 2. og 3. oktober i Kristiansund.

Steinar Thoresen har lang erfaring med kliniske studiar og legemiddelutprøving – både frå offentlege forskingsinstitusjonar og frå industrien.

Thoresen er lege med spesialisering i patologi og epidemiologi, og tok doktorgrad på brystkreft. Han har tidlegare vore leiar for nasjonal kreftscreening ved Kreftregisteret og professor II ved Universitetet i Bergen. I 2016 fekk han overordna ansvar for kliniske studiar i GlaxoSmithKline Norge, og i 2013 i AbbVie Norge. Frå 2019 har han jobba hos Merck med ansvar for den medisinske satsinga innan onkologi i Norden og Nederland. Ei av målsettingane er å auke antal kliniske kreftstudiar, mellom anna i Noreg.

Thoresen kjem til Regional forskingskonferanse for Helse Midt-Norge og skal snakke om korleis helseføretaka kan få fleire pasientar med i kliniske legemiddelstudiar.

Meld deg på konferansen

Gå til hovudsida for konferansen

Meir frå programmet

    Sist oppdatert 18.08.2023