-Dette er eit spanande og viktig arbeid, som aldri før har vore gjort i
Helse Møre og Romsdal.
For første gong i historia sit spesialisthelstenesta, kommune, tillitsvald og brukarane saman rundt bordet og skal stake ut pasienten si helseteneste for framtida.
Forskingssjef Berit K. Teige smiler engasjert til forsamlinga. Saman
med sekretariatet for prosjektet har ho hatt ansvar for arrangementet. Berit K.
Teige presenterte føremålet for
planarbeidet og gjorde greie for
situasjonen og kva som er målet med arbeidet framover
-Målet er å utvikle pasienten si
framtidige helseteneste i regionen Møre og Romsdal. Strategien skal vere ein
vegvisar for utvikling av kvalitativt gode helsetenester for befolkninga i regionen.
Planarbeidet skal gi satsingsområde for dei fire område innan forsking,
innovasjon, utdanning og kompetanseutvikling i HMR (FIUK).
Anne S. A. Larsen presenterte
arbeidet med utviklingsplanen og korleis arbeidet med strategi- og
handlingsplanen for FIUK skal sjåast i samanheng med denne.
Dagen
vart avslutta med oppsummering av gruppearbeid og planlegging av vegen vidare. Tilbakemeldinga
frå forsamlinga var at det var nyttig med ei fellles samling. Fleire av
deltakarane uttrykte ønske om å møtast igjen over sommaren. Det er satt opp ny felles
samling 29. august og då med endå meir tid til gruppearbeid etter ønskje frå
deltakarane.

 | |
 | |