Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kliniske studiar

Klinisk Forskingspost

Klinisk Forskingspost HMR ("Forskingposten") er ei operativ eining for kliniske intervensjonsstudiar.  Forskingsposten er ein del av Seksjon for kliniske studiar under Fagavdelinga.

En gruppe mennesker i et laboratorium

 

Forskingsposten video

 

Klikk på biletet for å sjå film om Klinisk Forskingspost​​

Våre tenester

Klinisk Forskingspost HMR ("Forskingsposten") opna i 2017 i Ålesund, og i 2025 på Hjelset. Forskingsposten er ei operativ eining for kliniske intervensjonsstudiar, den optimaliserer pasientløype i klinisk forsking. Den har studiepersonell som sjukepleiarar, bioingeniørar og legar, og kort veg til kliniske avdelingar, statistikar og monitor. Staben handterer dei fleste typar kliniske intervensjonsstudiar og veit kven ein skal kontakta av samarbeidspartnarar i klinikken. Med eit godt utrusta laboratorium, eit nært samarbeid med avdelingane; medisinsk biokjemi, mikrobiologi, patologi og radiologi, samt med sjukehusapoteka har forskingsposten rask responstid i planleggingsfasen.

 
Dette kan Forskingsposten hjelpe til med i planleggingsfasen:
 
  • Råd til studieprotokoll (samtykke, eproms mm)
  • Råd om eksterne/interne samarbeidsavtaler/einingheitsprotokoll
  • Rutinar for handsaming i komité for personvernsvudering i forsking HMR (DAC)
  • Råd om registrering i ClinicalTrials, EudraCT og CTIS
  • Råd om søknad til REK, REK KULMU, DMP og Legemiddelforeningen (LAF)
    Medisinsk vudering av studieprotokoll/tryggleik
  • Involvere statistikar og monitor
  • Råd om avtalar med avd. for biokjemi, mikrobiologi, patologi, radiologi og apotek

Dette kan Forskingsposten hjelpe til med i gjennomføringsfasen:

  • Koordinere kontakt med avdeling for biokjemi, mikrobiologi, patologi, radiologi og apotek
  • Koordinere i lag med poliklinikkar i HMR
  • Koordinere pasientbesøk
  • Gjennomføre pasientbesøka på Forskingsposten og i spesialiserte areal på sjukehusa
  • Taking, handtering og sending av biologisk materiale
  • Registrering av biologisk materiale i biobank database
  • Nedfrysing av biologisk materiale
  • Hjelp til bruk av eCRF og elektroniske spørjeskjema (eForsk)
  • Tilrettelegging for monitorering av kliniske studiar
  • Råd om arkivering av studiedokument og kjeldemateriale

Behandlingsareal

I behandlingsarealet er det inntil seks plassar i Ålesund og to plassar på Hjelset med overvakingsutstyr. I Ålesund er ein av plassane spesielt utrusta - både for ro og overvaking/intervensjonar.

Biobank-teneste i HMR

  • Laboratorium for prøvetaking og preanalytisk handtering.
  • Fryselagre (-20°,-70/80° og -150°(berre Ålesund) grader C) og registrere biologisk materiale i det regionale biobanksystemet.
  • Vi har transportmedium (nitrogen/tørris) ved taking av biologisk materiale tatt utanfor Forskingsposten.

Møterom og arbeidsplass

​I Ålesund er det to mindre møterom med plass til 6-8 deltakarar, som kan kombinerast med digitalt møte via Teams. På Hjelset er det fleire møterom i nærleiken med ulik storleig og same digitale løyingar.

I Ålesund er det inntill tre arbeidsplassar (clean desk), medan på Hjelset er det eit ope kontorlandskap (clean desk). Bruk av møterom/arbeidsplass etter avtale med personalet. Arbeid med kliniske studiar har prioritet i dei dedikerte areala.

Kontakt/tilsette

Telefon: 70 10 61 92 Ålesund

              71 11 75 00 Hjelset


E-postadresse: kliniskforskingspost@helse-mr.no

                 hj.kliniskforskingspost@helse-mr.no

Informasjon om tilsette finn du på kontaktsida til Seksjon for kliniske studiar.​

Oppstartsavgift bidrag-/forskar initiert studiar: ingen.

Oppstartsavgift oppdragsstudiar: etter budsjett. 

Pristilbod vil elles verte utrekna etter førespurnad og legg m.a. til grunn timar av utført arbeid av studiepersonellet (spl, bioing. og lege). 

Meirverdiavgift (eksternt oppdrag), dekningsbidrag (indirekte kostnad/overhead) og den årlege indeksreguleringa vert lagt til. Dyrare forbruksvarer vert fakturert etter kostpris. 

Forskingsposten i Ålesund sjukehus ligg i underetasjen i høgblokka (KØ). Gå inn hovudinngangen i nord, deretter fyrste korridor til venstre forbi fellesskranke og ned ein etasje (trapp eller heis) ved informasjonstavle eller følg turkise stripe på veggen i korridoren mot høgre merka Klinisk forskingspost og du kjem fram til oss. Du kan parkere på plassar for pasientar/pårørande.​

For Forskingsposten på SNR, Hjelset: Gå inn hovudinngang, gå til venstre, ta fyrste heisen opp til 3. etasje, ta til høgre når du går ut av heis og gå inn glasdørene merka H. Heilt i enden av gangen, på venstre side, finn du Forskingsposten.



Opningstid
Vanleg opningstid er klokka 8-16. Aktivitet utover dette tidsrommet etter avtale.​



Sist oppdatert 08.10.2025