Om Barneblikk
Barneblikk familieteam gir utvida oppfølging til gravide og småbarnsfamiliar som er berørt av rus eller psykiske vanskar. Nokre kan vere berørt som følge av å ha desse vanskane no eller tidlegare i livet, nokre er berørt som følge av å vere pårørande. I familiar som er berørt av rus eller psykiske vanskar, kan både barna og dei vaksne trenge hjelp og støtte. Difor vert heile familien involvert i kontakta med Barneblikk familieteam.
Familien kan ha ulike behov
Barneblikk familieteam er opptatt av kva som er viktig for barnet, kva som er viktig for det einskilde familiemedlem, og kva som er viktig for familien som heilheit.
Familien kan få tilbod om samtalar og heimebesøk som til dømes:
- få oversikt over familien sin situasjon og kva som kan gjere kvardagen lettare
- styrke foreldra i foreldrerolla, om barnet si utvikling og korleis familien kan få det betre saman
- familie-/ barne-/ søsken- og par-samtalar
- hjelp til å meistre utfordringar på ulike livsområder
- nokon å kontakte når ein treng ein prat
Familien kan få hjelp til å kontakte andre hjelpetenester:
- få informasjon om aktuelle hjelpetenester, behandlingstilbod og frivillige tilbod
hjelp til å ta kontakt
- få ein følgjevenn i møte med andre tenester
- hjelp med å koordinere når det er behov for andre tenester
Barneblikk familieteam tilbyr også rettleiing til samarbeidspartnarar om familiar med rus og psykiske vanskar.
Ved første kontakt mellom familien og Barneblikk familieteam:
- familien skal vente eit barn eller ha eit barn under 1 år
- familien skal vere berørt av rus eller psykiske vanskar hos ein eller begge foreldra (no eller tidligare), søsken eller i andre nære relasjonar
- vanskane skal vere i ein tidleg fase eller vere «lettare til moderate» (funksjonen i kvardagen er avgjerande)
- det skal vere få instansar i kontakt med familien
Oppfølginga startar før barnet er under 1 år og kan halde fram til barnet byrjar i 1.klasse. På den måten vil familiane ha ei fast teneste å halde seg til i heile denne perioden.
Korleis kome i kontakt
Ein treng ikkje tilvising for å komme i kontakt med Barneblikk familieteam, og tilbodet er gratis. Familiane kan sjølve ta kontakt eller få andre til å ta kontakt for seg. Sjå kontaktinformasjon under kvart av Barneblikk familieteama her på nettsida.
Tilsette i Barneblikk familieteam
Dei tilsette kan mykje om både barn og familiar, og har erfaring frå barne- og vaksentenester, frå kommune og spesialisthelsetenesta.
Kvar finnes Barneblikk familieteam?
Tilbodet er starta opp i Ålesund, Molde, Ulsteinvik og Kristiansund. Den langsiktige planen er å utvide nedslagsfeltet til alle kommunane i Møre og Romsdal.
Kva skjer når familien er berørt av rus og psykiske vanskar
Når nokon i familien strevar med den psykiske helsa eller med rusproblem, verkar det inn på alle i familien. Den som slit, kan ha nok med sin eigen tilstand og klarer kanskje ikkje bidra i familien som ønskeleg. Dei andre vaksne i familien bekymrar seg ofte for den som er «sjuk», og bruker mykje energi på at familien skal fungere godt. Det kan resultere i at det blir mindre overskot til arbeid, eige nettverk og oppfølging av barna.
Sjølv om foreldra prøver å beskytte barna for vanskane i familiane, vil barna legge merke til sinnsstemningar og forandringar i kvardagen. Dette kan verke forvirrande og utrygt, og barna vil på sin måte bidra til at foreldra får det betre. Mange av barna tek difor på seg oppgåver dei ikkje er modne nok til. Det er difor viktig at heile familien får hjelp og rettleiing når nokon er berørt av rus- eller psykiske vanskar.
Bakgrunnen for Barneblikk familieteam
Helse og omsorgsdepartementet har pålagt alle helseføretak å etablere heilskaplege og langsiktige oppfølgingstenester for gravide og småbarnsfamiliar med rusproblem eller psykiske vanskar. I Møre og Romsdal er tilbodet ei samhandlingssatsing mellom kommunar og spesialisthelsetenesta. Barneblikk familieteam er difor etablert i kommunar som er nært knytt til lokalsjukehusa.
Barneblikk er eit tilbod som fortsatt er i utvikling og informasjon om arbeidet kan du fylgje på denne websida.