Samarbeidsstruktur og arbeidsinndeling
Helsefellesskap i Møre og Romsdal består av tre ulike nivå. Representantar frå helseføretaket, kommunar, fastlegar og brukarar møtast for å planlegge og utvikle tenestene saman på alle tre nivå. Under viser korleis samarbeidsstrukturen er i helsefellesskapet.

Figur: Helse Møre og Romsdal
Øverst viser nivå 1 som består av Partnarskapsmøtet med politisk og administrativ leiing i kommunar og helseføretak. Dei har årleg møte for å forankre retning i helsefelleskapet.
Under viser nivå 2 beståande av Stategisk samarbeidsutval med administrativ og fagleg leiing i kommunar og helseføretak som saman utviklar strategiar og handlingsplanar, samt handterer saker og løpande beslutningar. Lokalt samarbeids utval er også på nivå 2 som består av administrativ og fagleg leiing frå kommunar og helseføretak og kvart enkelt sjukehus. Det er 3 lokale samarbeidsutval for Nordmøre og Romsdal (SNR), Ålesund og Volda. I hovudsak skal dei lokale samarbeidsutvala behandle saker som kun gjeld opptaksområdet for sjukehuset og som ikkje har konsekvensar for samarbeid i andre delar av fylket.
Nivå 3 har vi dei faglege samartbeidsutvala. Dei utviklar prosedyrar og tenestemodellar.
Sist oppdatert 17.01.2025