Tid og stad
Når
- 16. jan. 2025
Kvar
På grunn av få påmeldte deltakarar, må vi dessverre avlyse den planlagde årskonferansen 16. januar 2025
Vi har forståing for at det er fleire grunner til at tidspunktet ikke passar. Vi ønsker å halde på programinnhaldet til ein fagdag seinare i 2025.
Fagleg samarbeidsutval for barn og unge i Møre og Romsdal ønsker alle ei god førjulstid og ser fram til vidare godt samarbeid mellom kommunar og Helse Møre og Romsdal.
Målgruppen
Alle som jobbar med barn og unge i kommunar og spesialisthelsetenesta. Dette kan vere tilsette i skule, PPT, barnevernstenesta, barnekoordinatorar, helsesjukepleiar, kommunelegar, samhandlingslegar, Statsforvaltaren, brukerorganisasjonar, leiarar og ansatte i HMR.
Program
- Problematisk seksuell atferd hos barn -forståelse og tiltak.
- Nasjonalt tilsyn avlastningsboliger/barneboliger
- Helhetlige forløp og trygge overganger for barn og unge med rusutfordringer
- Barn og unges helseteneste
Konferansen er forankra i Handlingsplan for Faglig samarbeidsutval for barn og unge i Møre og Romsdal og er ein årleg samhandlingsarena for kommunale tenester og spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal.
Målet med konferansen er å byggje, og dele kompetanse. Vi ønskjer å gjensidig avklare forventningar og etablere nye relasjonar i tråd med overordna samarbeidsavtale mellom Helse Møre og Romsdal HF og kommunane.