Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Digital heimeoppfølging på Søre Sunnmøre

Prosjektet "Måling og meistring - digital heimeoppfølging på Søre Sunnmøre" er eit samhandlingsprosjekt mellom kommunane på Søre Sunnmøre og Volda sjukehus. Gjennom digital heimeoppfølging skal pasientar få støtte og verktøy slik at dei kan meistre eigen helsesituasjon og ha mindre behov for helsetenester.

Prosjektgruppa "Måling og meistring"/ HMR
Publisert 26.06.2023
illustrasjon

​Oppstart av prosjekt digital heimeoppfølging

No startar arbeidet med å gjere det nye tenestetilbodet, digital heimeoppfølging, kjent for målgruppene i prosjektkommunane. Det er gjort mykje forarbeid og ein skal snart i gang med å teste det nye tenestetilbodet gjennom nokre testpersonar, seier prosjektleiarane Linda Nedrelid Vatne og Karianne Sveen Orvik. 

Kva er digital heimeoppfølging?

Digital heimeoppfølging handlar om at pasientar med kroniske sjukdomar får digitalt måleutstyr i heimen, der målingane blir sendt til ein sentral med helsepersonell som følger opp i forhold til pasienten sin individuelle behandlingsplan. Digital heimeoppfølging har som mål å gje pasientar større grad av opplevd tryggleik og meistring i kvardagen. Det er vidare eit mål å oppdage endring i helsetilstand på eit tidleg tidspunkt, og å medverke til å redusere både trongen for innlegging i sjukehus og kontroll på poliklinikk og hos fastlege.

Prosjektgruppa digital heimeoppfølging

Frå venstre: Erlend Bae, seksjonsleiar legevakt, Karianne Sveen Orvik, koordinator velferdsteknologi i Volda kommune, Mona Ryste, rådgjevar Volda sjukehus, Lisbeth Hoggen Totland, helsesjukepleiar legevakt og Linda Nedrelid Vatne, sjukepleiar legevakt

Prosjektet på Søre Sunnmøre vart valt ut

Helsedirektoratet støtter eitt digitalt heimeoppfølgingsprosjekt i kvart Helsefellesskap​ i landet, og frå Møre og Romsdal er det prosjektet på Søre Sunnmøre som er valt ut. Det var stor interesse for å søke på tilskotsmidlane som Helsedirektoratet lyste ut, og sterk konkurranse for å få løyving. Volda sjukehus, Volda kommune, Ørsta kommune og Ulstein kommune samarbeider om dette prosjektet. Etter kvart håper vi alle kommunane på Søre Sunnmøre vil kunne tilby digital heimeoppfølging.

Ei ny teneste

Prosjektet skal utvikle eit nytt tenestetilbod. I første omgang vert det eit tilbod til personar med KOLS, hjartesvikt og diabetes. Søre Sunnmøre legevakt skal drifte tenesta. Her skal sjukepleiarar følge opp brukarane på kvardagane, og vere eit bindeledd mellom brukaren, fastlege, sjukehus og kommunale tenester. Søre Sunnmøre legevakt er eit etablert interkommunalt samarbeid med dyktig personell som har høg kompetanse på vurdering av pasientar gjennom telefon og video frå tidlegare. Det var difor naturleg for Sjustjerna Helse og omsorg (felles kommunalt samarbeidsorgan for alle kommunane på Søre Sunnmøre) og helseføretaket å legge prosjektet til legevakta, slik at ein kan nytte dette kompetansemiljøet til å bygge opp eit framtidsretta helsetilbod for kronisk sjuke på Søre Sunnmøre.

“Måling og meistring - digital heimeoppfølging på Søre Sunnmøre" er eit spanande prosjekt å jobbe med framover, og vi trur det vil føre med seg positive effektar for pasientar, sjukehuset, fastlegane og kommunehelsetenesta, seier prosjektgruppa.

Helsedirektoratet oppmodar med følgjande faglege råd:

  • Kommunale helse- og omsorgstjenester bør tilrettelegge for digital heimeoppfølgjing
  • Før oppstart av digital heimeoppfølging bør det søkjast samarbeid i helsefellesskapet
  • Personar med kroniske lidingar eller behov for langvarig oppfølging, med middels til høg risiko for forverring av sin helsetilstand, bør verte tilbydd digital heimeoppfølging

 

Prosjektgruppa har i lag med sjukehuset utarbeidd eit forslag til den framtidige tenestereisa, dvs. korleis forløpet vil sjå ut. Ein arbeider no med å lage nullpunktsmåling, brosjyrar med informasjon, rutinar og prosedyrar.

Arbeidsgruppa på legevakta har også starta arbeidet med å rekruttere pilotpasientar. Dette blir personar som skal prøve ut tenesta og utstyret, slik at ein kjem fram til ei god teneste. Prøveperiode for pilotpasientane vil starte i månadsskifte august/september 2023.

Ein har behov for fleire pilotpasientar, ta kontakt med oss på e-post linda.nedrelid.vatne@volda.kommune.no dersom du er i målgruppa og kan tenke deg å vere med, eller du er fagperson og kjenner til aktuelle pasientar. ​

Les meir om prosjektet under eller klikk deg inn på andre samarbeidsprosjekt i Helsefellesskap Møre og Romsdal.​

Digital heimeoppfølging av kronisk sjuke

Prosjektet "Måling og meistring - digital heimeoppfølging på Søre Sunnmøre" er eit samhandlingsprosjekt mellom kommunane på Søre Sunnmøre og Volda sjukehus. Gjennom digital heimeoppfølging skal pasientar få støtte og verktøy slik at ein kan meistre eigen helsesituasjon og ha mindre behov for helsetenester
Les meir om digital heimeoppfølging
illustrasjon