Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Haustens nyheiter frå Helsefellesskapa

Lurer du på kva som skjer i helsefellesskapa? Her kan du lese status i Helsefellesskap Møre og Romsdal samt haustens nyhendebrev om helsefellesskapa frå Helsedirektoratet.

Publisert 16.10.2023
En gruppe mennesker som sitter rundt et bord med bærbare datamaskiner
Frå møte i SSU tidlegare i 2023

Status Helsefellesskap Møre og Romsdal

  • Første møte i haust i Strategisk samarbeidsutval (SSU) vert gjennomført 20.september 2023. I SSU sit den administrative og faglege leiinga i kommunar innan helsefeltet og helseføretak saman med brukarrepresentantar og praksiskonsulent/fastlege.
  • Saker som skal opp i SSU er vidare arbeid med felles handlingsplan for Helsefellesskap Møre og Romsdal. Ein skal fremover ha ei meir temabasert tilnærming til møta. Tema for komande møte er samhandling knytt til e-Helse og teknologi. 
  • Forhandlingsutvalet er godt i gang med revisjon av samarbeidsavtalen med jamlege møte etter beslutta plan og milepælar. Det er mål om ferdigstilling av utkast til hovudavtalen og tilhøyrande delavtalar til høyring i første halvdel av 2024.
  • Dei faglege samarbeidsutvala og Lokale samarbeidsutvala har sine faste møte utover hausten. Du kan finne meir informasjon, lese referat og finne navn på medlemar på nettsidene til Helsefellesskap Møre og Romsdal

Nyhendebrev frå Helsedirektoratet

Helsedirektoratet gir ut nyhendebrev fire gongar årleg for at alle skal få lese nyhende og få innsyn i prosjekt på tvers av helseføretaka. ​Nyhendebrevet inneheld oppdatert informasjon frå alle dei ulike helsefellesskapa i landet. Her finn du også aktuell informasjon frå Direktoratet for e-helse, KS, dei regionale helseføretaka og Helsedirektoratet​:

Les siste nyhendebrevet om Helsefellesskap september 2023 (pdf)​


I tillegg oppdaterer Helsedirektoratet temasidene sine vedrørande helsefelleskap jamnleg. 


Meir om Helsefellesskap Møre og Romsdal

Samarbeidsstrukturen Helsefellesskap Møre og Romsdal består av helseføretaket og kommunane i opptaksområdet. Der over 200 representantar frå alle dei 26 kommunane, helseføretaket, fastlegar og ulike brukarrepresentantar møtast fast for å planlegge og utvikle tenester saman og sikre prioritering av tenester til dei pasientane som treng det mest. 

Vi oppfordrar også deltaktige i heile Helsefellesskap Møre og Romsdal om å dele nyheiter og viktige datoar og informasjon om relevante samankomstar fortløpande.

  • Dersom du har innspel, datoar eller nyheiter du ønsker å få med i det nasjonale nyhendebrevet​​ frå Helsedirektoratet eller ynskjer å motta nyhendebrevet sjølv, ta kontakt ​med Kathrine Syse, e-post: kathrine.syse@helsedir.no   ​

  • Dersom du har spørsmål knytt til Helsefellesskap Møre og Romsdal eller innspel til nyhende eller oppdateringar på nettsidene ta kontakt med Felles samarbeidssekretariat