Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utvida samarbeidsmøte i Helsefellesskapet Møre og Romsdal

Den 14. november 2023 vart det halde utvida samarbeidsmøte/dialogmøte mellom toppleiarar i helseføretak og kommunar på Quality Hotell Ålesund. Det var om lag 80 deltakarar på samlinga. Føremålet med utvida samarbeidsmøte er å vere ein møteplass for å utvikle helsetenestene til det beste for befolkninga i Møre og Romsdal, herunder å informere om utfordringar, skape ei felles forståing og forankre strategi for å løyse dei felles utfordringane.

Publisert 21.11.2023

Nestleiar i Partnarskapsmøte  og kommunikasjonsdirektør i Helse Møre og Romsdal HF, May Helen Molvær Grimstad, ønskte velkomen til samlinga og var programleiar for dagen. Leiar i samarbeidssekretariatet og rådgjevar i Ålesund kommune, Bodil Haugen Våge, innleia ved å seie litt om Helsefellesskapet som samarbeidsstruktur og kva det inneber av ulike samarbeidsforum og handlingsplanar.

Menn som sitter ved et bord
Kjetil Leirbekk, assisterande kommedirektør i Averøy kommune og Andreas Follesø, seksjonsleiar sikkerheitspsykiatri ved Ålesund sjukehus

Dei tre hovudtema for samlinga var: 

  • Gir kunnskap eller pengar ny helsepolitikk? Redaktør og samfunnsdebattant Magne Lerø haldt eit engasjerande føredrag om helsepolitiske føringar, historisk utvikling i organisering av sjukehusa, konsekvensar av samhandlingsreforma for kommunane og kva for utfordringar vi står ovanfor i tida som kjem.
     
  • Overordna plan for sikkerheitspsykiatri- perspektiv på samhandling mellom kommune og spesialisthelseteneste. Assisterande kommunedirektør i Averøy kommune, Kjetil Leirbekk,  fortalde om kommunen sine erfaringar med å busette og etablere eit omsorgstilbod til ein utskrivingsklar pasient, dømt til tvungen psykisk helsevern.

    Seksjonsleiar i Sikkerheitspsykiatrien Andreas Follesø gav eit innblikk i kva for innsatsområde som er anbefalt framover i «Overordnet plan for sikkerhetspsykiatri», jf. rapport publisert av dei regionale helseføretaka 07.09.2023.

    Leiar og nestleiar i fagleg utval for psykisk helse og rus Line Lingen og Anders Høe innleia sekvensen og var moderatorar i forhold til spørsmål og presentasjonar frå borda i etterkant av innlegga frå Leirbekk og Follesø. Det var stort engasjement i salen på dette temaet og ein fekk løfta fram ulike perspektiv i samhandlinga mellom helseføretak og kommunar.  

  • Helseplattformen (HP) var det siste hovudtemaet for samlinga. Fire perspektiv vart løfta fram:
  1. Kommuneperspektivet ved innføringsleiar HP i Ålesund kommune Ann Kristin Røyset.
  2. Helseføretaksperspektivet ved Henrik Erdal, assisterande e-helse og teknologidirektør og fagleg leiar for Helseplattformen i HMR HF.
  3. Innbyggarperspektivet ved Julia Nemeth, innovasjon og myndighetskontakt, HelsaMi Helseplattformen.
  4. Fastlegeperspektivet skulle etter planen presenterast av teamleiar og ansvarleg for løysinga for fastlegar i Helseplattformen, Thorleif Jansen. Jansen var dessverre forhindra frå å møte. Direktør for e-helse og teknologi i HMR HF, Helge Storøy, tok ansvar for presentasjonen.

Ålesund kommune fortalde at dei i alle hovudsak har hatt ei vellukka innføring av Helseplattformen (HP). Røyset kom med nyttige tips til korleis ein best kan førebu seg. Erdal fortalde at det jobbast på spreng for å rette feil i HP slik at Helse Møre og Romsdal HF kan «go live» med HP som planlagt 27.04.24. Det vart påpeika at det er Helse-Midt som tek den endelege avgjerda om kor vidt HP i helseføretaket skal utsetjast eller ikkje, men at HMR HF vil ta ei sjølvstendig risikovurdering og kome med si tilråding i styremøte 07.12.23.  

Julia Nemeth fortalde om potensialet i HelsaMI. HelsaMi er innbyggarane sin digitale inngang til helse og- og omsorgstenester, tilgjengeleg via app eller nettlesar. Den nye innbyggarportalen opnar opp for ei rekke nye mogelegheiter for befolkninga i Midt-Norge. Gjennom HelsaMi kan du blant anna: 

  • Få oversikt over dine personlege helseopplysningar
  • Ha direkte dialog med helsepersonell
  • Nytte ulike digitale verktøy som spørjeskjema og konsultasjonstenester
     

Når det gjeld fastlegeløysinga i Helseplattformen, så er den stadig under utvikling. Pilotkontoret for Helseplattformen si fastlegeløysing er Vanylven kommune som koplar seg på i starten av desember i år. Vanylven kommune blir dermed den fyrste kommunen i regionen som vil ha HP som ei totalløysing for sine helsetenester, både kommunale helsetenester, fastlegeteneste og legevakt.

Sekvensen om Helseplattformen skapte som forventa ein del kritiske spørsmål frå salen. Det var særleg skepsis frå fastlegane om å ta i bruk løysinga som etter seiande langt i frå er optimal og vil føre til lågare produktivitet. Storøy minna om at innføringa av Helseplattformen på mange måtar er eit dugnadsarbeid og at det vil ta tid å utvikle løysinga til optimal funksjon. Han minna om at gevinsten når alle er på kopla Helseplattforma er «Ein innbyggar- ein journal», med det enorme potensialet det inneber.

Les om Partnerskapsmøte i Helsefellesskap Møre og Romsdal her