Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ringerutine mellom HMR og kommunane i Møre og Romsdal når HMR går på HP

Helse Møre og Romsdal (HMR) går på Helseplattformen (HP) laurdag 27. april kl. 03:00.  Vi ønsker å legge ei ekstra sikring på meldingsflyten mellom helseføretaket og våre samarbeidspartnarar, ved å innføre ei ringerutine for e-meldingar som ein sender dei første 7 dagene etter at HMR tar i bruk HP.  

Samhandlingssjef Eli Otterlei
Publisert 25.04.2024

Dette gjeld for perioden frå fredag 26.4 kl 22:00 til og med fredag 3. mai kl 16:00. Rutina gjeld frå fredag kl 22:00 då sjukehusa i Helse Møre og Romsdal stenger for e-meldinger frå dette tidspunkt og har nedetid til laurdag 27.04.2024 kl 03:00. Helseplattformen er fra dette tidspunktet tilgjengelig som vårt nye journalsystem.

Hensikta med å ringe, i tillegg til å sende e-meldinga på ordinært vis, er å sikre at sendte e-meldingar kjem fram, og tidleg avdekke ev. feil. Den samla meldingsflyten er i tillegg nøye overvaka, både i kommunar, i helseføretak og i Helseplattformen AS.

 

Telefonnummer til sentralborda i Helse Møre og Romsdal for å få kontakt med avdelingane er:

Sentralbord Sunnmøre
70105000
Sentralbord Nordmøre og Romsdal
71120000

 

Direkte telefonnummer til avdelingane kan du søke opp her

 

HMR ber om at kommunane, fastlegane og helseføretaket ringer til kvarandre når ein sender følgjande meldingar:

  • Meldingar som omhandlar noko alvorleg og/eller hastar (f.eks. mistenkt kreft)
  • PLO-meldinger
  • Epikriser til pasienter med kommunale tenester

Det kan ringast gjennom heile døgnet (sentralbord), men dersom ein kan unngå tidsrommet mellom kl. 22.00 og kl. 07.00 er det truleg best for alle partar.

For fastlegar anbefaler vi å prøve å ringe direkte til aktuell poliklinikk som skal motta ei tilvising.

I innleggelsesrapporten frå kommunene skal det komme fram kva for nummer helseføretaket kan ringe for å få kontakt med sykepleiertenesten/psykisk helseteneste. Dersom ikkje rett nummer kjem opp i innleggelsesrapporten, må sentralbordet i den enkelte kommune formidle kontakt til rett tenestestad i eiga kommune.