Endring i pasientflyt for pasientar med akutte atraumatiske ryggsmerter i Nordmøre og Romsdal
Frå 04.11.2024 kl. 07.00 skal pasientar med akutte atraumatiske ryggsmerter, dvs. ischialgier og lumbagoliknande smerter bli tilvist til Nevrologisk avdeling Molde sjukehus for akuttvurdering i spesialisthelsetenesta ved behov for dette.
Publisert 30.10.2024
Ved behov for akuttvurdering anten poliklinisk eller ved innlegging skal vakthavande nevrolog ved Molde sjukehus kontaktast.
Traumatiske ryggsmerter med mistanke om brot skal framleis komme til akuttmottaket i Kristiansund eller Molde for vurdering.