Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Endringar i tilvisingsadresser for barnehabilitering, vaksenhabilitering og psykisk helsevern i Molde og Kristiansund

Delar av psykisk helsevern for vaksne i Molde og Kristiansund har samla seg ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset. DPS poliklinikk og døgn i Molde og Kristiansund er framleis lokalisert som før på Knausen og Solhagen/Nordlandet. Alle har fått ny felles tilvisingsadresse frå og med 10. desember.

Publisert 10.12.2024
Sist oppdatert 17.12.2024

Vaksenhabilitering i Molde og barnehabilitering i Kristiansund har også flytta til SNR og har fått ny adresse. 

Dei adressene som har blitt brukt til no er merka med IKKJE BRUK DENNE”. HMR vil gå gjennom alle meldingane som er sendt til dei gamle adressene og deaktivere adressene slik at det ikkje lenger vil vere mogleg å finne dei, når alle meldingane er handtert. 

Det er også gjort ei endring rundt tilvising til rusteam i Kristiansund og Molde. Dei to adressene blir no merka og deaktivert på same måte, og tilvisingane skal til Psykisk helsevern for vaksne - Nordmøre og Romsdal. Dette er i samsvar med slik dei aller fleste har gjort det til no, så det er i praksis berre ei opprydding og forenkling. 

 

Dette må du gjere som tilvisar 

Dersom journalsystemet ditt blir synkronisert mot Adresseregisteret NHN, vil du sjå endringane med det same oppdateringa skjer.  

Dersom journalsystemet ditt ikkje gjer dette automatisk, må du sørge for at det blir gjort manuelt slik at du får med deg endringane. Enkelte kan ha lagra snarvegar eller ha ei preferanseliste, og då er det også viktig å oppdatere desse. Denne oppdateringa må gjerast så snart som mogleg etter 10. desember.