Habilitering barn og unge SNR har flytta inn i nye lokale på Hjelset
Her er vår nye adresse og telefonnummer.
Besøksadresse
Opdølvegen 4, Hjelset.
Vi skal bruke inngang 2b (Opdølvegen 2b) fram til hovudinngangen til sjukehuset opnar våren 2025.
Informasjon til pasientar som skal møte i Kristiansund
Noko av drifta er framleis i Sykehusgata 2, eit eige bygg, saman med BUP, like ved Kristiansund sjukehus. Pasientar som skal møte her får eigen informasjon i innkalling til time. Innkalingsbrevet er alltid gjeldande for oppmøtestad, då vi opplev at SMS-varsel ikkje alltid er oppdatert med rett stad.
Transport og parkering
Sjølv om psykiatri- og habiliteringsbygget er ferdigstilt, er hovudsjukehuset framleis under bygging og det er mykje anleggsarbeid på sjukehusområdet. Følg skilting for parkering, då dette vil kunne endre seg undervegs i byggeperioden.
For offentleg transport, sjå FRAM sine nettsider.
Telefonnummer
Ta gjerne kontakt med oss på vårt nye telefonnummer 71 11 56 00 dersom du har spørsmål.