Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kontrollplan etter operasjon for tjukktarmskreft eller endetarmskreft

Her finn du dokumenta som pasienten treng i oppfølginga.

Publisert 10.10.2024

Etter at pasientar er blitt operert for anten tjukktarmskreft eller endetarmskreft på sjukehusa i Møre og Romsdal, blir dei overført til oppfølging hos fastlegane. Desse pasientane skal til kontroll kvar 6. mnd dei to første åra. Pasientane skal sjølv bestille kontrollane.

Pasientane skal få med seg eit informasjonsskriv og eit kontrollkort etter operasjonen. På dette skjema står det når fastlegane skal bestille CT-undersøkingar, ta blodprøve og bestille colonoscopiundersøking.

Det er viktig at pasientane også forstår at dei må ta kontakt mellom dei halvårlege kontrollane dersom dei får nye plager.