Mangelsituasjon på cardizem
Sjå kardiologane sine råd til fastlegar.
Publisert 27.09.2024
– Vi har fått svært mange spørsmål om medikamentmangel på cardizem. Vi har diverre ikkje moglegheit til å handtere alle pasiantar som ikkje får medikamentet sitt og ønsker difor å nå ut med nokre generelle råd. Det fortel seksjonsoverlege kardiologi ved Ålesund sjukehus, Eva Rice.
Kardiologane tenker at det ikkje nødvendigvis er ukomplisert å berre bytte til isoptin på alle. Hovudreglane bør vere:
Når er det OK å bytte til isoptin?
- Cardizem i monoterapi utan samtidig kjent hjartesvikt, KAN bytte til isoptin.
Når er det IKKJE OK å bytte til isoptin?
- Dersom pasienten har hjartesvikt, bør uansett IKKJE isoptin brukast på grunn av negativ inotrop effekt som kan forverre hjartesvikt
- Dersom pasienten har kombinasjonsbehandling med betablokker og cardizem med føremål frekvensregulering av rask atrieflimmer, bør det IKKJE byttast til isoptin med mindre pasienten har pacemaker. Vi føretrekker at pasienten er utan cardizem og heller blir tatt inn til kontroll hos fastlegen sin med puls/BT-måling og EKG. Dersom det blir problematisk takykard atrieflimmer, kan ein vurdere pasienten for annan frekvensregulering og ev. tilvising til kardiolog ved behov.