Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny adresse for pleie- og omsorgsmeldingar for pasientar ved Molde- og Kristiansund sjukehus

Psykisk helsevern for vaksne i Molde og Kristiansund har samla seg ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset. Dette fører til at dei får ei ny felles adresse for pleie- og omsorgsmeldingar frå og med 10. desember.

Publisert 10.12.2024

Den nye adressa for pleie- og omsorgsmeldingar er: https://register.nhn.no/Ar/Tjeneste/Index/190305. 

Dei adressene som har blitt brukt til no blir merka med IKKJE BRUK DENNE”. HMR vil gå gjennom alle meldingane som er sendt til dei gamle adressene og deaktivere adressene slik at det ikkje lenger vil vere mogleg å finne dei, når alle meldingane er handtert. 

Dette vil det bety for deg som tilvisar 

Sannsynlegvis det bli nokre tilfelle av dialogar og pleie- og omsorgsmeldinger som blir brotne når vi bytter adresse i ein pågåande kommunikasjon.  

Når ei melding er sendt frå gammal adresse, vil du ikkje kunne svare til den nye. I denne overgangsfasen løyser du det med at du starter på ein ny dialog i staden for å svare på ei allereie motteken melding.