Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Slik får du kontakt med spesialist på sjukehuset

AMK ønsker å nå ut med ei påminning om korleis fastlege, tilsynslege og legevakt kan kome i kontakt med spesialist på sjukehuset. Dette for å sikre rett prioritet og ein einsarta kommunikasjonspraksis til Helse Møre og Romsdal.

Publisert 03.10.2024
  1. Fastlege/tilsynslege/legevakt ønsker å konferere, søke råd eller drøfte behov for spesialisthelseteneste: Ring sentralbordet HMR for å bli sett i kontakt med spesialist ved aktuelt sjukehus. 

    Sentralbord Sunnmøre
    70105000
    Sentralbord Nordmøre og Romsdal
    71120000


  2. Pasient med sikkert innleggingsbehov (akutt, med eller utan behov for ambulanse): Meld til AMK Møre og Romsdal som hjelper til med å opprette konferanse mellom innleggande lege og spesialist viss behov. AMK deltek berre i delar av samtalen for å innhente informasjon som er viktig for varsling av ambulanse eller mottaksteam i sjukehus. Innleggande lege avklarer behov/ikkje behov for ambulanse eller mottaksteam i starten av konferansen, så kan AMK gå ut.

 

Dette er i tråd med retningslinje Møteplass Møre og Romsdal kapittel 1.5 og 10. 

Sikrar rett prioritet

AMK Møre og Romsdal har opplevd ein auke i talet på telefonførespurnader som tidlegare har blitt handtert direkte mellom behandlarar eller via sentralbordet i Helse Møre og Romsdal. Dette gjeld spesielt førespurnader der fastlege eller legevakt ønsker å konferere med ein spesialist (medisinar/kirurg) utan at det er snakk om innlegging. AMK prøver å hjelpe legar med å opprette kontakt med spesialist, og samtale frå AMK blir ofte prioritert av spesialist, som avbryt arbeid for å svare AMK, sjølv om førespurnaden i fleire tilfelle kan vente til spesialisten er ledig. Slike førespurnader skal gå via sentralbordet til Helse Møre og Romsdal for å få rett prioritet.