Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Til fødande med termin rundt flyttedato for fødeavdelinga i Molde

Føde/barsel ved Molde sjukehus flyttar til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset den 23. april 2025.

Publisert 04.04.2025

Fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus vil hjelpe og ta imot fødande som trygt kan transporterast frå Molde og omland frå tysdag 22. april kl. 15:00 til onsdag 23. april kl. 08:00. Det vil i kvart enkelt tilfelle bli vurdert behov for følgjejordmor ved transport til Ålesund.

Kontaktinformasjon i flyttefasen

  1. Telefonnummer til fødeavdelinga som skal brukast fram til 23.april kl. 08:00 er tlf.nr. 71 12 17 60.
  2. Frå 23. april kl. 08 opnar vi for fødslar ved SNR Hjelset og då skal tlf. nr. 71 11 63 40 skal brukast. De kjem då til ein sekretær som vil overføre telefonsamtalen til ansvarleg jordmor.
  3. Telefonnummer 954 16 122 er eit alternativ om ein ikkje får svar på førstnemnde nummer. Dette nummeret er berre tilgjengeleg fram til 24. april kl. 12.00

Oppmøtestad ved SNR Hjelset

Fødeavdelinga ved SNR Hjelset ligg i 5. etasje i fløy C. Du kjem inn via hovudinngangen og tek heisen opp til 5. etasje.

Parkering

Parkering ved sjukehuset er gratis fram til 1. juni. 

Møteteneste av jordmor

Møteteneste av jordmor vil frå innflyttingsdato gå føre seg ut frå sjukehuset på Hjelset for dei med reiseveg over 90 minutt. Som tidlegare skal dei som har rett til følgjeteneste kontakte fødeavdelinga som sørgje for at jordmor møter den gravide og følgjer inn til sjukehuset.