Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fastlegeportalen

Tilvising til radiologiske undersøkingar

Oppdatering om avtalar, drop-in og tilvisingsflyt.

Informasjon frå dei radiologiske avdelingane i Helse Møre og Romsdal: Avdeling for radiologi Molde og Kristiansund og Avdeling for Radiologi Ålesund og Volda
Publisert 14.11.2024

Drop-in for røntgen thorax 

Vi har framleis tilbod om drop-in for røntgen thorax. Send tilvising til røntgen thorax og merk tilvising med drop-in dersom pasienten ønsker dette. Informer pasienten om våre tidspunkt for drop in: 

Måndag – fredag  kl 9.00 – 11.00 og kl 12.30 – 14.30. 

I tillegg til elektronisk tilvising, må pasienten ha med tilvising på papir sidan det av og til kan vere forsinkingar/feil i sending av elektronisk tilvising. 

Vi minner om at pasientar med fleire undersøkingar på same tilvising ikkje skal sendast som drop-in. Vi ønsker å kalle inn desse pasienten til time for å tilpasse dei inn i det daglege programoppsettet vårt.

Akutt eller ikkje? 

Vi opplev at vi får inn tilvisingar akutt på skadar som har oppstått for fleire veker sidan. Det er viktig at skadar som dette blir tilvist, vurdert og prioritert i vanleg tilvisingsflyt. 

Informasjon i tilvisingar

Vi ser ein aukande trend der tilvisingar til enkle radiologiske undersøkingar inneheld langt fleire opplysningar om pasientane si helse og sosiale omstende enn det som er ønskeleg og nødvendig for den aktuelle problemstillinga. Vi minnar om at helsepersonell ikkje har høve til å dele sensitiv informasjon som ikkje er relevant for samarbeidande helsepersonell. Tilvisingar med mykje irrelevant informasjon kan også bli uoversiktlege. Vi oppmodar til ei medviten haldning til pasientinformasjon som blir delt i tilvisingane til oss.

HMR sin avtale med Evidia

Evidia i Ålesund har avtale med Helse Midt-Noreg RHF, ut mai 2026. Pasientar som blir tilvist dit betaler kun eigendel. Avtalen gjeld CT, MR, røntgen og ultralyd, men ikke måling av beintettheit.

Evidia og HMR har gode rutiner for digital overføring av bilete mellom kvarandre. Dette gjer vi om det er behov for å dele tidlegare bilete til samanlikning ved tolking, eller for at bilete med funn som skal følgast opp i sjukehusa blir tilgjengelege for klinikarar hos oss.

Under innføringa av Helseplattformen våren 2024, oppmoda vi fastlegar på Sunnmøre å tilvise følgjande pasientkasus direkte til Evidia:

  • Demensutgreiingar til MR
  • Generell røntgen (NB! Ikkje gastroundersøkingar)
  • CT utgreiingar (t.d. thorax, abdomen, bekken, caput, bihule, ØNH etc)
  • MR utgreiingar (t.d. muskel/skjelett, kne, skulder, rygg, caput med uspesifikke symptom etc)

Som vidare praksis ønsker vi at alternativa for tilvising blir tatt opp med pasientane. Eit viktig omsyn å ta i beslutninga er gjeldande ventetider til ei kvar tid for ulike sjukehus.

Vi minner om at barn, pasientar til pakkeforløp og kreftkontrollar i aktiv behandling skal tilvisast til HMR. Det gjeld også pasientar som skal ta undersøking i narkose.

OBS: I dei høva der radiologiske avdelingar har behov avlasting,kan vi vidaresende tilsvisingar som i utgangspunktet er sendt til oss, til Evidia.