Nye telefonnummer vil også kome ved innflytting i SNR Hjelset. Slik kontaktinformasjon vil bli publisert på avdelingssidene så snart som mogleg. I mellomtida kan de alltid nå oss via sentralbordet.
Klinikk for diagnostikk
Mikrobiologi
Flytta sin drift frå Molde til Hjelset 3. februar og er i full drift med alle fagområde.
Laboratoriet på Hjelset analyserer prøver frå SNR Hjelset, SNR Kristiansund og frå all primærhelseteneste i Møre og Romsdal. Mikrobiologi Ålesund skal framleis analysere prøver frå inneliggande pasientar og prøver som er tatt ved polikliniske besøk ved Ålesund og Volda sjukehus.
Radiologi
Radiologi har sidan 11. februar tatt imot polikliniske pasientar på SNR Hjelset. Aktiviteten aukar kvar veke i tida framover.
Avdelinga går frå éin til to mammografi-labbar og får vår første 3 Tesla MR maskin i fylket. Ein 3 Tesla MR maskin er betre på mellom anna nevrologiske undersøkingar og hovudsetet for nevrologisk avdeling er på SNR Hjelset.
Klinikk for diagnostikk vil behalde og utvikle eit godt radiologisk tilbod i SNR Kristiansund med to MR-maskiner, ei CT-maskin, generell røntgen, ultralyd og beintettleiksmåling. SNR Kristiansund skal i hovudsak ha planlagd poliklinisk aktivitet, mens SNR Hjelset skal utføre undersøkingar på alle innlagde pasientar.
Medisinsk biokjemi og blodbank
Starta opp i september ved SNR Hjelset og opnar prøvetakingspoliklinikk veke 12. Vi kjem framleis til å ha eit tilbod ved SNR Kristiansund som er tilpassa drifta og dei fleste pasientane som har time ved SNR Kristiansund vil få tatt blodprøver der.
Alle blodprøver frå primærhelsetenesta i Nordmøre og Romsdal blir analysert på Hjelset.
Blodgivarar
Det blir tilbod til blodgivarar både ved SNR Hjelset, SNR Kristiansund og i Molde sentrum.
Avdeling for medisin SNR
Akuttmottak Molde
Akuttmottaket ved Molde sjukehus stenger dørene 23.04.25 kl. 0500. Akuttmottaket vil vere ope fram til siste pasient har forlatt huset, men dei som kjem uventa blir sendt til SNR Hjelset ev. til legevakt/fastlege etter kl. 05.00 23.04.25.
Akuttmottak Kristiansund
Akuttmottaket ved Kristiansund sjukehus stenger dørene 23.04.25 kl. 0500. Akuttmottaket vil vere ope fram til siste pasient har forlatt huset, men dei som kjem uventa blir sendt til SNR Hjelset ev. til legevakt/fastlege etter kl. 05.00 23.04.25.
Medisinsk poliklinikk SNR Kristiansund
Medisinsk poliklinikk og hudpoliklinikken blir i Kristiansund som før. For hud er det inga endring. Medisinsk poliklinikk blir ganske lik, med unntak av enkelte prosedyrar. ERCP og bronkoskopi blir berre på Hjelset.
Medisinsk poliklinikk SNR Hjelset
Medisinsk poliklinikk flyttar til SNR Hjelset 17.03.2025. Herunder desse fem poliklinikkane:
- Lungepoliklinikk:
Polikliniske timar: oppmøtestad SNR Hjelset
Det vil også vere noko poliklinisk aktivitet på Molde sjukehus fram til 23.04.25. Dei pasientane dette gjeld vil få beskjed om oppmøtestad. Lungesjukepleiarar vil ivareta tilsyn til inneliggande pasientar på Molde sjukehus ved behov bronkoskopi og BIPAP.
- Hjartepoliklinikk:
Polikliniske timar: oppmøtestad SNR Hjelset.
Elektrokonvertering blir gjort på Molde sjukehus, medisinsk poliklinikk 2.etg hjartepoliklinikken, tysdag og torsdag fram til 23.04.2025.
Hjartesjukepleiar vil vere til stades i medisinsk poliklinikk alle vekedagar for å ivareta tilsyn til inneliggande pasientar på Molde sjukehus. Det vil også vere noko poliklinisk aktivitet på Molde sjukehus fram til 23.04.25. Dei pasientane dette gjeld vil få beskjed om oppmøtestad.
- Diabetes og Hormonsykdommer poliklinikk
Polikliniske timar: oppmøtestad SNR Hjelset
Diabetessjukepleiar vil ivareta tilsyn til inneliggande pasientar Molde sjukehus ved behov. Det vil også vere noko poliklinisk aktivitet på Molde sjukehus fram til 23.04.25. Dei pasientane dette gjeld vil få beskjed om oppmøtestad.
- Mage- tarm sjukdommar poliklinikk
Polikliniske timar: oppmøtestad SNR Hjelset
Gastro-/colonskopiar til inneliggaande pasientar og akutthjelp vil bli ivareteke alle dagar på Molde sjukehus, medisinsk gastrolab ved behov. Det vil også vere noko poliklinisk aktivitet på Molde sjukehus fram til 23.04.25. Dei pasientane dette gjeld vil få beskjed om oppmøtestad.
- Infeksjonspoliklinikk
Polikliniske timar: oppmøtestad SNR Hjelset. Det vil også vere noko poliklinisk aktivitet på Molde sjukehus fram til 23.04.25. Dei pasientane dette gjeld vil få beskjed om oppmøtestad.
Medisinsk dagbehandling
Medisinsk dagbehandling flyttar 19.03.2025:
- Medisinsk og nevrologisk dagbehandling flyttar til SNR, Hjelset den 19.03.2025. Polikliniske timar etter 19.03.2025: oppmøtestad SNR Hjelset
- Hematologi /blodtransfusjonar blir utført på Molde sjukehus, medisinsk dagbehandling 1.etg, tysdag og torsdag fram til 23.04.2025. Det vil også vere noko poliklinisk aktivitet på Molde sjukehus fram til 23.04.25. Dei pasientane dette gjeld vil få beskjed om oppmøtestad.
Dialyse
Dagbehandling for pasientar i hemodialyse flyttar frå Molde sjukehus til SNR Hjelset laurdag 22.mars 2025. Pasientar som er etablerte i hemodialyse tilhøyrande Molde sjukehus og er i behov for sjukehusinnlegging i tidsrommet 21.mars til innflytting av medisinske sengepostar/døgnbehandling på SNR Hjelset onsdag 23.april 2025, skal leggast inn ved Kristiansund sjukehus. Der vil dei kunne få gjennomført hemodialysebehandling medan dei er inneliggiande.
Opningstider dialysen SNR Hjelset
Måndag kl 8:00-21:00
Tysdag - laurdag kl 8:00-15:00
Opningstider dialysen SNR Kristiansund
Måndag - fredag kl 7:30-14:30.
Telefon 711 22 330.
Sengepost medisin 1 SNR: Hema, onko og palliasjon
Flyttar inn på SNR Hjelset veke 17, 23.april 2025.
5 etg.
Sengepost medisin 2 SNR: Lunge, fordøying, nyre og endokrinologi
Flyttar inn veke 17, 23.april 2025.
7 etg.
Sengepost medisin 3: Hjarte, geriatri og infeksjon
Flyttar inn veke 17, 23.april 2025.
Pasientane som er inneliggande blir flytta anten med ambulanse eller taxi.
7 etg.
Kreftbehandling og palliasjon SNR
- Veke 12 (17.-21. mars):
All kreftbehandling i Nordmøre og Romsdal skjer i Kristiansund.
- Veke 13 (frå 24. mars):
Kreftpoliklinikken opnar ved SNR Hjelset. Framleis fleire pasientar enn vanleg som blir behandla ved kreftpoliklinikken i Kristiansund i ein overgangsperiode.
- Veke 13 (frå 24. mars):
Nytt telefonnummer til kreftpoliklinikken SNR. Ved feber 38℃ skal ein ringe akuttmottaket i Molde (71 12 13 30) / akuttmottaket i Kristiansund (71 12 13 70) fram til 23.04.2025.
- Veke 13 (frå 24. mars):
Opnar felles venteareal i 4. plan. Ved ankomst for legetime/behandling sjekkar du inn via HelsaMi og ventar i ventearealet, der vi kjem og hentar deg.
- Veke 13 (frå 24. mars):
Utvidar opningstid for behandling. 3 dagar i veka vil kreftpoliklinikken SNR vere open til kl 18:00 for infusjonsbehandling.
Avdeling for kirurgi, ØNH, tann/kjeve og gynekologi SNR
Poliklinikkar og dagkirurgi flyttar inn frå onsdag til fredag i veke 13. Desse dagane er det ikkje poliklinisk aktivitet.
ØNH/kjevekirurgi
Poliklinikk flyttar i veke 13. Kun akutt hjel ved Molde sjukehus.
Akuttfunksjon flyttar 23. april 2025. Pasientar kan bli sendt til Ålesund sjukehus dersom det er behov for det.
Dagkirurgi
Dagkirurgi flyttar 27. og 28. mars. Veke 14 er det oppstart med selekterte dagkirurgiske pasientar på Hjelset. Ingen dagkirurgisk verksemd i Molde. Det blir redusert elektiv verksemd dei første vekene, noko som kan føre til lengre ventetid for nokre typar operasjonar. Akutt hjelp blir ivareteke.
Kirurgiske sengepostar
Sengeområda flyttar inn i veke 17, onsdag 23.04.2025. To sengepostar blir slått saman til påske. Det betyr også avgrensa sengekapasitet for planlagde operasjonar.
Føde/barsel
Føde/barsel flyttar inn på Hjelset onsdag 23.04.2025. Kommunehelsetenesta kan tilvise som normalt til føden. Vi kan kome til å redusere poliklinisk aktivitet i overgangsperioden.
Avdeling for nevrologi, auge og klinisk støtte SNR
Nevrologisk poliklinikk
Vi flyttar deler av nevrologisk poliklinikk frå Molde til Hjelset i veke 13. Pasientane må lese innkallingsbrevet nøye for å sjå kor dei skal møte opp.
Sjukehusapoteket
Sjukehusapoteket ved Molde sjukehus stenger si publikumsavdeling 27. mars. Pasientar som blir utskrivne frå Molde sjukehus vil då ikkje ha sjukehusapoteket i umiddelbar nærleik for å hente ut sine reseptmedisinar.
Sjukehusapoteket i Kristiansund opprettheld drifta med opningstider måndag-fredag.
1. april kl 9:00 opnar det nye sjukehusapoteket på Hjelset.
Avdeling for anestesi, intensiv og operasjon og avdeling for ortopedi
Veke 14 og 15 startar vi opp med dagkirurgi på Hjelset. Pasientar som har fått oppsatt time på Hjelset finn informasjon om oppmøtestad i innkallingsbrevet sitt.
Frå 23. april 2025 flyttar akuttfunksjonar inn på Hjelset. Alle akutte innleggingar skal gå til Hjelset. Mindre skadar må vurderast hos legavakta, mens større skadar skal til skadepoliklinikken på Hjelset.
Kun elektiv optopediverksemd, ingen akutt hjelp, ved SNR Kristiansund.
Utskrivingsklare pasientar
I denne krevjande flytteprosessen håper helse Møre og Romsdal på eit særleg godt samarbeid med kommunane om dei utskrivingsklare pasientane og at vi slepp å flytte utskrivingsklare pasientar til Hjelset.