Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Blodprøver ved e-konsultasjonar

I Helse Møre og Romsdal er det stadig fleire e-konsultasjonar som erstattar oppmøte-konsultasjonar ved poliklinikkane. Men kva då med blodprøver som trengs takast i forkant eller etterkant av desse konsultasjonane som føregår over internett?

Publisert 19.06.2023
Glas til blodprøvetaking

​Det enklaste for pasientar er at blodprøvetakinga vert gjort ved fastlegekontoret, hugs at det skal følge med ein rekvisisjon til blodprøver.

I Møteplass Møre og Romsdal-dokumentet​ er det skildra korleis helsepersonell skal utføre denne prøvetakinga. Møteplass Møre og Romsdal-dokumentet er ei felles retningslinje for samarbeid mellom fastlegar og sjukehuslegar/behandlarar i fylket. Fastlege og praksiskonsulent Stian Endresen, seier ein har fått tilbakemelding frå fastlegekontora at dei er svært nøgde med at ein har skriftleg anbefaling på korleis dette skal gjerast, og at dette fungerer godt. Det er likevel fortsatt nokon sjukehuslegar som gløymer dette og nokon pasientar som gløymer å ta med seg skjema med rekvirerte blodprøver til laboratoriet hjå fastlegen, noko som fører til meirarbeid. ​


Laboratoriet ved Ålesund sjukehus har ope på ettermiddagen på tirsdagane, noko som er eit godt tilbod for dei som skal ha e-konsultasjon med behandlar ved sjukehuset. 

Meir informasjon om opningstider og blodprøvetaking kan du lese i 
LAB handbok for medisinsk biokjemi og blodbank i HMR​

EiEin kan ta blodprøve på ettermiddagen og gjennomføre e-konsultasjon frå eigen arbeidsplass dagen etter. Noko som gir samfunnsøkonomisk gevist der ein aukar jobbnærvær

Fastlege og praksiskonsulent i HMR Stian Endresen

Samarbeidet mellom fastlegekontora i fylket og Helse Møre og Romsdal sine labtenester fungerer godt og det er eit mål om å sikre god samhandling rundt blodprøvetaking når konsultasjonar gjerast som e-konsultasjonar (td. videokonsultasjon). Det er mål om å ikkje påføre fastlegekontor unødig meirarbeid og sikre at sjukehuslegane har laboratoriesvar klare når pasient skal ha e-konsultasjon. Ein skal heller ikkje påføre pasientar meir belastning/reising enn høgst nødvendig.


Les meir om blodprøvetaking og samarbeid kring dette på side 5 i
Møteplass Møre og Romsdal-dokumentet (pdf)