Deltakarrekord på utvida samarbeidsmøte i Helsefellesskapet
Samarbeid og helsetenester til skrøpelege eldre og økonomi og faglege/organisatoriske prioritering i sjukehus og kommunar stod på agendaen då helsefellesskapet sette deltakarrekord med nesten 100 påmeldte til utvida samarbeidsmøte på Scandic Seilet i Molde 5. desember.
Svært viktig med geriatrisk kunnskap hos helsepersonell
Det var duka for eit variert og spanande program i det utvida samarbeidsmøtet. Mari Dahl Schlanbusch, leiar for analyselaget i Helsetilsynet, starta med å fortelje om ei fireårig tilsynssatsing på helse- og omsorgstenester til eldre.
Bakgrunnen for tilsynssatsinga er ein ny rapport “Fragmentert og spesialisert - Hva vet Helsetilsynet om tjenester til eldre i spesialisthelsetjenesten?”
Rapporten viser til at komplekse problemstillingar, som skrøpelege eldre ofte har, passar dårleg i møte med ei høgspesialisert sjukehusteneste. Ein risikerer at heilheita ikkje blir vareteken og at grunnleggande behov ikkje blir dekka (mobilisering, ernæring, munnstell). Vidare er det ei fare for at svikt i merksemd og tiltak kan føre til at akutt forverring ikkje blir oppdaga eller at pasienten gradvis blir svekka over tid. Geriatrisk kunnskap hos helsepersonell er svært viktig i møte med den eldre skrøpelege pasient.
Det vart opna for spørsmål frå salen etter innlegget og det vart mellom anna hevda at det er ulik praksis ved tilsyn frå statsforvaltar på vedtak om omsorgstenester i kommunane i ulike delar av landet. Det vart gitt ei oppmoding frå salen om at helsetilsynet bør sjå på ulik praksis for omgjering av vedtak.
Korleis samarbeide om skrøpelege eldre?
Etter Helsetilsynet haldt professor emeritus i samfunnsmedisin, Anders Grimsmo, eit svært interessant innlegg om skrøpelege eldre og korleis samarbeide om denne pasientgruppa. Tverrfaglege oppfølgingsteam, førehandssamtalar, det å stille spørsmålet “Kva er viktig for deg”, palliative plan, avmedisinering – heilskapleg vurdering, kvalitet i epikriser og samarbeid med pårørande var nokre av dei tema Grimsmo var innom.
Satsingar frå faglege samarbeidsutval
Vidare vart det flotte presentasjonar frå faglege samarbeidsutval (FSU): Tanja Alme, leiar i FSU for multisjuke, stormottakar og palliasjon og Merete B. Kløvning, leiar i FSU for helsefremming og førebygging. Dei snakka mellom anna om utvikling av pasientforløp, vidare satsing på Pasientsentrert helsetenesteteam (PSHT) i fylket og pårørandeopplæring.
Innlegg og paneldebatt om omstilling
Etter dette haldt avdelingsdirektør for helse og velferd i KS, Mari Trommald og adm.direktør i Helse Møre og Romsdal, Olav Lødemel innlegg om behov for omstilling og kutt i kommunal sektor og i helseføretaket. Som kjent står både kommunal sektor og Helse Møre og Romsdal framfor svært krevjande økonomiske tider og store behov for omstilling. Innlegga vart etterfølgt av paneldebatt/dialog der alle dei ovannemnte føredragshaldarane deltok, i tillegg til brukarrepresentant Paula Næss Skaar og samhandlingsoverlege Stian Endresen.
Vegen vidare for Helseplattformen
Til slutt fekk vi eit innlegg frå adm. direktør i Helse Midt-Noreg, Jan Frich som snakka om vegen vidare med Helseplattformen etterfølgt av spørsmål frå salen. Det kom utsegn om at det er kritikkverdig at ein ikkje har fått tilgang til risikovurderingar samtidig som ein ønsker å få fastlegane med på Helseplattformen. Det er ei målsetting å få med fleire fastlegar våren 2025. Det vart poengtert frå salen at det er svært viktig at det blir jobba med å forbetre fastlegeløysinga før denne blir breidda. I tillegg vart det understreka at legemiddelmodulen med samstemming bør prioriterast for forbetring.
Målgruppa for utvida samarbeidsmøte i Helsefellesskapet
Partnarskapsmøtet, klinikksjefar, avdelingssjefar og styret i HMR HF, ordførarar, kommunedirektørar, kommunalsjefar, kommuneoverlegar, tillitsvalde på fylkesnivå, Statsforvaltaren, Pasient- og brukarombodet, KS M&R og utdanningsinstitusjonane i fylket. Strategisk samarbeidsutval, leiar/nestleiarar i lokale samarbeidsutval og faglege samarbeidsutval var også invitert til møtet.