Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helsepersonell må vere talsperson for dei barna som ikkje er til stade

– Eg blir på ein måte talsperson for dei barna som ikkje er her, men som likevel er til stede, seier Debbie Birkeland i eit intervju med BarnsBeste. Hun er barneansvarlig ved Sørlandet rehabiliteringssenter i Eiken. Pasientane er der i frå to til fire veker. Årlig er det ca. 900 pasientar innom lokalane i Eiken.

Gunder Christophersen/BarnsBeste
Publisert 05.01.2018
Sist oppdatert 27.05.2020
En person som smiler foran et skilt
På kontoret sitt har Debbie Birkeland samlet mye av det informasjonsmateriellet som finnes om barn som pårørende.

​– Det første halvåret i 2017 hadde vi 87 pasientar som hadde omsorg for barn under 18 år. I denne kartlegginga har vi registrert at desse pasientane hadde til samen 183 barn, rett nok kan nokon av dei være over 18 år, fortel Birkeland.

Kvar pasient som kjem inn dørene i Eiken, og som har barn under 18 år, blir invitert med på en foreldresamtale. Dei aller fleste takker ja til dette tilbodet, men nokre er skeptiske.

Heile familien ramma

– Når ein i familien vert ramma av sjukdom, vert heile familien ramma. Nokre få tenker straks på barnevernet når familiesamtale står på timeplanen. Vårt ønskje med forelderesamtalen er å snakke om kva slags informasjon barna har fått, om barnehage og skule er informert og involvert og om det er ting vi kan hjelpe til med. Nokre gonger har pasienten tema dei sjølv ynskjer å løfte frem. Dette med barna er noko av det mest sårbare for pasientane, seier ho.

– En god del av pasientane har nok dårlig samvit overfor barna. Dei trur kanskje at dei skal få denne frykta bekrefta når dei er i foreldresamtalen, seier ho. Eg håper at foreldra i staden skal få bekrefta det gode dei gjer, og kanskje få noko hjelp til god støtte for barna og familien i situasjonen med sjukdom.

Ein del  av jobben min består i kontakt med det hjelpeapparatet familiane har på heimplassen. Helsesøster, familiesentre og familievernkontor er viktige instansar i så måte.

– Det er ofte ønskelig at familiane sjølv skal ta kontakt med desse, men eg undersøker gjerne om kva tiltak som er å finne. Med gjevne mellomrom ringer eg direkte til kommunen for å høyre kva tilbod dei har for å betre situasjonen for desse barna og familiane deira, seier ho.

Å få vite

– Vi må jobbe vidare med å sikre at barna og familiane får oppfølging av kommunen, der dette er hensiktsmessig. Vidare vil eg gjerne at vi skal ha meir direkte kontakt med barna. I dag er det slik at dei oftast kjem på helgebesøk når mor eller far er her på tre eller fire vekers opphald. Betydinga av å få vite kva slags omgivnadar far eller mor er i, fekk ho bekrefta ved et nylig tilfelle.

– En pasient fortalte at den første uka hadde han daglig telefoner frå barna som var urolege og leie seg, lurte på korleis han hadde det, korleis det såg ut rundt ham og slike ting. Første helga var dei på besøk. Uka etter var barna rolige, og hadde nesten ikkje tid til å snakke med ham.

Les heile intervjuet her

Kjelde: BarnsBeste