Korleis utvikle "vår felles helseteneste"?
Torsdag 13.juni vart det gjennomført eit nytt Partnarskapsmøte mellom det politiske og overordna leiarnivået i helseføretaket og kommunane, brukarar og fastlegar. Hensikta med møtet er å drøfte korleis helsetenestene best kan utviklast for innbyggarane i Møre og Romsdal.
Partnarskapsmøtet vart gjennomført i bystyresalen i Ålesund og behandla saker knytt til:
- Samhandlingsprosjektet Helseplattformen
- Utfordringsbilete og moglegheiter sett frå ulike perspektiv
- Årsmelding for Helsefellesskap Møre og Romsdal 2023
- Revidert samarbeidsavtale 2025-2028
- Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024-2027
Møtet vart avslutta med «rundebord-diskusjon». Deltakarane vart utfordra til å vurdere utfordringar og utviklingspotensiale for å bygge «vår felles helseteneste» i Møre og Romsdal. Under framlegg frå borda vart m.a. økononi og det å ha tilstrekkeleg personell peikt på som den store utfordringa. Helseføretaket og kommunane bør utvikle felles kommunikasjonsstrategi og bygge felles omdømme slik at det blir attraktivt å arbeide i helsetenestene i Møre og Romsdal. Dei faglege samarbeidsutvala var trekt fram å ha ei viktig rolle i å peike ut pasientforløp for å sikre kvalitet i samhandlinga mellom nivåa. Det vart retta forslag om at ordførarane frå alle kommunane bør delta i Partnerskapsmøtet. Det er viktig at dialogen er god og at helseføretaket og kommunane har tillit til kvarandre.
Meir informasjon om Partnerskapsmøte og protokoll frå møtet kan lesast her.