Kva er viktig for deg dagen
I år blir "Kva er viktig for deg dagen" markert torsdag 6. juni. Dagen er ei påminning til alle som jobbar i helsetenesta om å sjå heile mennesket – ikkje berre sjukdommen eller diagnosen.

Kva er viktig for deg dagen blir feira 6. juni og blir markert på ulike måtar i over 50 land. Initiativet til dagen starta i Noreg gjennom læringsnettverket for «Gode pasientforløp» i regi av KS og Folkehelseinstituttet. På denne dagen blir alle tilsette i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta oppfordra til å trene på å spør alle sine pasientar og brukarar om «Kva er viktig for deg?» - uavhengig av alder og helsetilstand.
Eit av måla for arbeidet i Gode pasientforløp er at pasienten eller brukaren skal oppleve å vere likeverdig i utarbeidinga av pasientforløpet sitt. Spør, lytt til svaret og følg opp det som er viktig saman.
I denne filmen møter du Silje, Arvid, Olga, Gro, Solveig, Christian, Torbjørn og Marius som deler nokre av sine tankar om det å vere likeverdig i forminga av sitt pasientforløp.
Gode pasientforløp