Nytt pakkeforløp heim for pasientar med kreft
Pakkeforløp heim for pasientar med kreft er no starta i Møre og Romsdal. Dette vil sørge for betre overgangar mellom spesialist- og kommunehelsetenestene for kreftpasientar.
Pakkeforløp heim for pasientar med kreft i Møre og Romsdal
Undersøkingar frå Kreftforeningen viser at pasientane er godt nøgd med behandlinga i spesialisthelsetenesta, men at det ofte sviktar i overgangen til kommunene når det gjeld vidare oppfølging utover den medisinske behandlinga. Som svar på dette, utvikla Helsedirektoratet det nasjonale Pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Pakkeforløpet skal sikre betre oppfølging, kontinuitet og tryggleik for personar som har fått eller har ei kreftdiagnose. Det er eit mål for Helse Møre og Romsdal å integrere pakkeforløp hjem i alle pakkeforløpa for kreft. Vi har no starta dette nye pakkeforløpet her i Møre og Romsdal, seier samhandlingssjef Eli Otterlei. Ved å takke ja til pakkeforløpet er pasienten sikra ein fast kontaktperson i kommunen for vidare oppfølging av behov utover sjølve kreftbehandlinga.
Pakkeforløp heim for pasientar med kreft er eit tilbod som skal bidra til auka fokus på livskvalitet, god helse og meistring for den einskilde pasient, samt bidra til mindre uønska variasjon i pasientens oppfølging etter ein kreftdiagnose.
Helse Møre og Romsdal, kommunane, brukarrepresentant, fastlege og Kreftforeninga har hatt ei arbeidsgruppe for å finne gode løysingar for implementering her i fylket. Pakkeforløpet er eit samhandlingspakkeforløp, der det har vore viktig at ein gjensidig er orientert og einig om kva som er spesialisthelsetenesta sitt ansvar i forløpet, og kva som skal følgast opp i den einskilde kommune. Pasienten skal få tilbod om pakkeforløpet i spesialisthelsetenesta, men kan også sjølv etterspørre tilbod i kommunen.
Pakkeforløpet skal no vere kjent i alle kommunar i Møre og Romsdal gjennom samarbeidet vi har hatt, og vi håper denne satsninga vil bidra til enda betre oppfølging av kreftpasientane utover den medisinske behandlinga som vi allereie har gode forløp på, seier Otterlei til slutt.
Les meir om pakkeforløpet
Pakkeforløp heim for pasientar med kreft - Helsenorge
Pakkeforløp hjem for pasienter med kreft - Helsedirektoratet