Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Regjeringa har lagt fram Nasjonal helse- og samhandlingsplan

Planen handlar om helse- og omsorgstenesta som heilskap. Overordna mål er helsefremmande samfunn, førebygge sjukdom og sikre desentraliserte tenester som er gode, trygge og likeverdige

Publisert 13.03.2024
Tekst

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol la fram retninga fredag 1. mars. Det vart peika på tre sentrale utfordringar:

  • tilgang på nok personell
  • for dårleg samanheng mellom tenestene
  • likeverdig tilgang til helse- og omsorgstenester

 

For å møte utfordringane presenterer Nasjonal helse- og samhandlingsplan seks hovudgrep:

Rekruttere og behalde personell med rett kompetanse

Regjeringa vil m.a. gjennomføre eit fagarbeidarløft, opprette fleire LIS1 stillingar, innføre offentlig spesialistgodkjenning for fleire helsepersonellgrupper. Hensikta er styrka breiddekompetanse og betre oppgåvedeling mellom ulike personellgrupper. Arbeid med trygt arbeidsmiljø, heiltidskultur, faste stillingar og gode arbeidsvilkår skal sjåast i samanheng med pasient- og brukarsikkerheit og intensiverast.

Endre finansieringsordningane for sjukehus

Regjeringa vil innføre meir rammefinansiering av spesialisthelsetenesta og betre rammevilkår for investeringar i sjukehus. Dette handlar m.a. om å redusere eigenkapitalkrav, betre rentevilkår og sikre løyvingar som fullt ut tek omsyn til den demografiske befolkningsutviklinga. Andelen aktivitetsbasert finansiering er foreslått å reduserast til 30 prosent,  for å auke det strategiske handlingsrommet.

Prøve ut og innføre nye organiseringsformer – nytt rekrutterings- og samhandlingstilskot

Regjeringa vil innføre m.a. eit nytt rekrutterings- og samhandlingstilskot. Tilskotet vil bli tildelt som del av ramma for dei regionale helseføretaka og skal brukast etter einigheit mellom helseføretak og aktuelle kommunar. Kombinerte stillingar eks. jordmødre,  integrerte psykiske helsetilbod for barn og unge, og meir tematisk organisering av psykisk helsevern, er døme på område som blir løfta fram.

Ny strategi for digitalisering av helse- og omsorgstenestene

«Ein innbyggar, ein journal» blir erstatta med ny strategi for digitalisering. Eit mål er at gevinstar blir tatt ut undervegs, at aktøranes sitt ansvar blir tydeleggjort og å etablere ein helseteknologiordning. Hensikta er å stimulere til lokal gjennomføring av tiltak og betre arbeidskvardagen til dei som jobbar i tenestene, samt betre pasientforløp og effektiv ressursbruk.

Forenkle og tydeleggjere regelverk

Regjeringa vil at regelverket innan helse- og omsorg blir forenkla og tydeleggjort slik at pasientar, brukarar og pårørande lettare forstår og nyttar seg av dei rettigheitene dei har. Eit mål er også at fagfolk kan nytte tida til pasientane og brukarane, dele informasjon og til forsking.

En attraktiv og framtidsretta allmennlegeteneste med kapasitet

Allmennlegens generalistkompetanse er fundamentet for at fleire og meir avanserte oppgåver kan bli løyst nær der folk bor. Regjeringa vil m.a. legge til rette for tverrfaglege fastlegekontor, større handlingsrom for kommunane i høve til organisering, redusere oppgåver og endre kompetansekrava.

Meld. St. 9 (2023-2024) Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024-2027 – Vår felles helsetjeneste