Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Samarbeidsavtalen mellom Helse Møre og Romsdal og kommunane er klar til høyring

Samarbeidsavtalen har vore gjennom ny revisjon og er klar til formell høyring. Høyringsperioden er satt til 13.3 – 23.6.2024. Samarbeidsavtalen vil ha verknad frå 1.1.2025 og vil erstatte gjeldande samarbeidsavtale.

Publisert 17.03.2024
Form, bakgrunnsmønster

Helse Møre og Romsdal (HMR) og kommunane i Møre og Romsdal har etter Helse- og omsorgstenestelova (§6-1) og Spesialisthelsetenestelova (§2-1e) plikt til å inngå samarbeidsavtale. Formålet er å utvikle helsetenestene til å vere heilskaplege, likeverdige, med klar ansvarsfordeling og god ressursbruk. Tenestene skal ha gode overgangar mellom helseføretak og kommune uavhengig av kvar ein bur.

Sentrale tema i samarbeidsavtalen er:

  • Samarbeid om koordinering av tenester, innlegging i og utskriving frå sjukehus til kommune
  • Samarbeid om kunnskapsoverføring, forsking, utdanning og ordning med samhandlingslegar
  • Samarbeid om svangerskaps,- fødsels- og barselomsorg
  • Samarbeid om utvikling av digitale helsetenester og e-helse
  • Samarbeid om helsefremjande og førebyggande helsearbeid
  • Samarbeid om helseberedskap og akuttmedisinsk kjede
  • Helsefellesskap Møre og Romsdal – samhandlingsarenaer mellom HMR, kommunane, brukarar og fastlegar

 

Revisjon og høyring

Samarbeidsavtalen skal reviderast kvart fjerde år, som for HMR og kommunane har blitt gjennomført av eit partssamansett forhandlingsutval. Utkast av revidert samarbeidsavtale vart lagt fram for og behandla av Strategisk samarbeidsutval i møte 13.mars, og har fått godkjenning til å bli sendt ut på høyring. Høyringsfristen er satt til 23.juni 2024.

Høyringsbrevet gir ei oppsummering av dei viktigaste endringane, som er framstilt i høyringsutkast revidert samarbeidsavtale 2025.

Høyringsinnspel skal sendast pr. e-post til postmottak@helse-mr.no
Merk høyringsinnspel med: «Høyringsinnspel Samarbeidsavtalen 2025 frå (namn på høyringsinstans), saksnummer 2024/1975».

Meir informasjon om revisjonsarbeidet, innkomne høyringsinnspel og vidare prosess etter høyringa kan de lese her.