Film med fokus på palliasjon og demens
Ny film om palliativ plan for menneske med demenssjukdom viser visjonen for eit møte mellom pasient og helsepersonell. Filmen gir eit bilde av kor viktig det er å kome tidleg i gang med palliativ plan.
Publisert 26.10.2021
Sist oppdatert 01.02.2023
Kva skjer om ein tenker palliasjon samtidig som ein stiller ein demens-diagnose? Prosjektleiar for palliativ plan i Møre og Romsdal, Tanja Alme, fortel at det kan vere nøkkelen for for å trygge pasienten og pårørande når dei møter små og store utfordringar av sjukdommen.
– Med palliativ plan har ein fokus på livskvalitet, kva er viktig for pasienten og pårørande, kva situasjonar kjenner vi til og korleis kan vi planlegge å møte desse, fortel Alme. I ressursgruppa for palliativ plan Møre og Romsdal har ho i lag med Helseinnovasjonssenteret og Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i Møre og Romsdal bidrege i ein ny film som viser korleis ein kan bruke palliativ plan for pasientar med ein demensdiagnose.
– Filmen er meint for helsepersonell for å sette fokus på situasjonar der palliativ plan bør vere ein naturleg del. Det er ein film som kan brukast i undervising og som alle som bidreg i behandlinga av ein pasient med demens bør ha med seg, seier Alme.
I filmen speler Torfinn Carlsen og Sølvi Normann pasient og pårørande, mens lege og sjukepleiar er kollegaer i helsetenesta. Fastlege og praksiskonsulent Thilde Camilla Svela er også fastlege i filmen. Ho skildrar filmen som ei kilde til praktisk kunnskap som kan gjere det lettare for fleire å ta initiativ til å ta i bruk palliativ plan.
– Vi skal endre mindsettet til helsepersonell. I møte med pasienten er vi mange som kan ta initiativ til å opprette ein palliativ plan. Både fastlegar, geriater, demenskoordinator, sjukepleiar, legar i spesialisering og overlegar må tenke “Skulle denne pasienten hatt ein palliativ plan?”. Filmen viser ein visjon, slik kan det vere om vi kjem tidleg i gang med palliativ plan, fortel Svela.
Framleis tabu knytt til demens
Når Alme og Svela snakkar om visjonen, er det fordi dei ser at verkelegheita ikkje er like enkel som på filmen. Dei fortel at det kan vere vanskeleg for ein person å ta til seg ein demensdiagnose og vere klar for å planlegge løpet vidare.
– Då er det viktig å vise at med ein slik plan er det lettare å vere i forkant, lage eit godt opplegg og skape tryggleik og meistring. Planen kan skildre ulike situasjonar og vise kven dei skal ta kontakt med og når, fortel prosjektleiaren. Ho har sett kor nyttig ein slik plan er både for pasienten, pårørande og alle som bidreg i behandlinga til ulike tider.
Stor verdi i møte med legevakt
Legevakta er ein av partane som har nytte av planen. Mange kommunar sender planen proaktivt til legevakta i kommunen. Legevakta er kanskje den som kjenner pasienten minst av dei som er involvert i behandlinga, og då er verdien stor når han får tilgang til pasienten sin plan.
– Dette er ein praksis som vi ønsker oss av alle kommunar. Det er den som har fått planen godkjent som må sende den til legevakta, fortel Alme.
Kom i gang med palliativ plan
Bidragsyterane i filmen har mange dei vil nå for å få fleire til å tenke på palliasjon også i møte med demens. No håper dei at filmen kan delast aktivt vidare til nytte for pasienten, deira pårørande og alle som er med i behandlinga.