Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Innføring av Palliativ plan i Møre og Romsdal

I Møre og Romsdal har fleire prosjekt arbeidd med kompetanseheving i palliasjon og innføring av Palliativ plan. I 2015 blei det på bakgrunn av dette oppretta ei tverrfagleg ressursgruppe som systematisk har arbeid for ei felles innføring av Palliativ plan i alle dei 36 kommunane og i dei fire offentlege sjukehusa i Møre og Romsdal.

​Det vart laga ein handlingsplan som vart sendt ut på høyring. Denne vart vedtatt av overordna samhandlingsutval, og arbeidet er no ein del av samhandlingsavtalen og samhandlingsstrategien for Møre og Romsdal. Dette har vore ei viktig forankring for arbeidet.

Erfaringar frå kommunane som har arbeidd med Palliativ plan er svært gode. Det blei gjennomført ei kartlegging blant kreftsjukepleiarar og palliative sjukepleiarar i Møre og Romsdal, som viser til at bruk av Palliativ plan har vore med å auka kompetanse og tryggleik i møte med pasientane. Tilbakemeldingar frå pasientar og pårørande er at ein palliativ plan gir tryggleik, og fleire pasientar vel  å vere heime trass i langt komen alvorleg sjukdom.

Tilbakemeldingar frå fastlegar er at planane gir auka tryggleik og bidreg til å understøtte deira arbeid rundt den palliative pasienten. Ein palliativ plan er ei god beslutningsstøtte for legar både i kommune og på sjukehus.

Sist oppdatert 25.05.2018