Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilvising

Tilvisingar, altså henvisinger, både frå fastlege, avtalespesialist og kommune (sjukeheim), skal sendast elektronisk via journalsystemet.

Tilvising blir brukt ved tilvising til utgreiing eller behandling, eller førespurnad om fagleg råd. Innhald i tilvisinga skal vere i tråd med tilvisingsrettleiaren. Henvisningsveileder - Helsedirektoratet  

Ved tilvising til akuttmottak skal tilvising sendast til relevant spesialitet. Pasienten skal også meldast til AMK-sentralen for innlegging.

Når spesialist har vurdert tilvisinga vil tilvisar få tilbakemelding i meldinga «status henvisning». Denne meldinga kan innehalde viktig informasjon, så det er viktig at tilvisar les desse meldingane. 

 

I tillegg til tilvisingsrettleiaren frå Helsedirektoratet kan vi har lagt ut informasjon i våre behandlingstekstar og avdelingssider om kva som er viktig å hugse på når du skal sende ei tilvising. 

Tilvising til pasient- og pårørandeopplæring

Informasjon om tilvising til pasient og pårørandeopplæring, td. kurs eller gruppetilbod finn ein under kvart enkelt tilbod i kurskatalogen til Helse Møre og Romsdal

Finn rett tilvisingsadresse

Rett tilvisingsadresse (Her-id) finn du i adresseregisteret til Norsk helsenett

Avtalespesialistar og ventetider​

Du kan finne informasjon om avtalespesialistar og ventetider på denne sida​

Kvifor elektronisk tilvising? 

​Sjukehusa har korte fristar for å vurdere tilvisingar og svare pasienten med tid for behandling. Med elektronisk tilvising unngår vi tida for vanleg postgang, og vi reduserer samtidig risikoen for å gjere feil.

Digital samhandling

Elektronisk samhandling bidreg til samanhengande og koordinerte tenester med rask, god og trygg overføring av informasjon mellom sjukehus, fastlege og kommunehelsetenesta. Blodprøvesvar, røntgensvar, tilvisingar, epikriser og pleie- og omso...
Digital samhandling
En blå tavle med skrift på og hender som peker mot midten, symboliserer samarbeid
Sist oppdatert 05.01.2026